BKS Industri starta opp på Opsanger Industriområde i Kvinnherad for 2 1/2 år sidan. Då med 42 tilsette – av dei 11 med base i Bergen. No har bedrifta vakse til totalt 102 tilsette – 20 av dei held til i Bergen.
– I fjor passerte me 100 millionar i omsetnad for første gong, fortel ein nøgd dagleg leiar Tore Thorkildsen til Kvinnheringen.
Eit årsresultat på 6,8 millionar styrka eigenkapitalen ytterlegare til 5,67 millionar og vart nok til at eigarane tok fem millionar kroner i utbytte.
LANDET SOM LEIKEGRIND
Leiinga er framleis på Opsanger, men løns- og økonomikontoret er i Bergen.
Storparten av dei tilsette ser ein lite til nokon av stadane, for dei har arbeid med å installera ulike røyrsystem rundt om på ulike skipsverft, samt hos landindustri og forsyningsbasar til oljeindustrien, på strekkja frå Hammerfest til Stavanger.
– For tida har vi flest folk – rundt 50 – hos Fjellstrand AS på Omastrand. Der har me oppdrag med røyrinstallasjonar, ventilar og litt anna utstyr på ein supplybåt. I tillegg har me hatt røyrarbeidet på batteriferja «Ampere», som skal inn i ruta Oppedal - Lavik frå 1. januar, fortel Thorkildsen.
Med batteri som energikjelde dukkar det opp spesielle behov som krev nytenking på røyrområdet, mellom anna til sløkkeanlegg, kjølesystem for generatorane og ekstra ventilasjon, fortel Thorkildsen.
BKS Industri er har også røyroppdrag i samband med at ei Norled-ferje for tida blir bygd om til hybriddrift (diesel/batteri) hos Halsnøy Dokk i Høylandsbygd.
LNG-SKIP
Liquid nature gas (LNG) – flytande naturgass – er også i skotet for meir miljøvenlege framdriftsløysingar for skip. I praksis er LNG-skipa utstyrte med eit gassdrive kraftverk som lagar straum til elektromotorar som driv propellane.
BKS Industri hadde røyroppdraget på «Siem Symphony» som nyleg vart levert frå Hellesøy Verft, og skal ut på nyåret mellom anna installera LNG-røyr på «Bergen Viking» – ein olje/kjemikalietankar som går langs Norskekysten.
– LNG-skip er spesielle. Til dømes har røyrsystema for bunkring av flytande gass heilt spesielle krav til røyrmateriale. Sveiseskøytane må tola temperaturar heilt ned i minus 196 grader, forklarar Thorkildsen.
MILJØMARKNAD
– Me har sett at marknaden for meir miljøvenlege skip er aukande, og me har spesialisert oss på dette området. Store batterisystem set spesielle krav til stabil temperatur, noko som igjen krev kjøleanlegg som er avhengig av gode røyrsystem. Me har bevisst bygd opp kompetanse både på hybrid- og LNG-området, seier Thorkildsen.
BKS Industri satsar også på landbasert industri, også lokalt i Kvinnherad.