– Eg håpar fleire unge tenker det same som eg gjer og ønsker å satse saman med meg. Vi ser utviklinga om at fleire ønsker å satse og fleire tør å prøve – og det er ei positiv utvikling. Innovasjon er viktig. Utan innovasjon kjem ein ingen veg, og det er farleg, sa Holm på Fram Flora sitt Romjulstreff i Florø.

Fram Flora hadde invitert både studentar, potensielle heimflyttarar og næringsliv til Romjulstreffet. Kring 90 var møtt fram for å få med seg kva mogelegheiter som ventar i Florø når ein er ferdig som student.

LÆRE I SILICON VALLEY

19-årige Alice Beate Holm frå Svelgen har dei siste seks månadane arbeida saman med Bipper-gründer Silje Vallestad i Silicon Valley. Holm hadde eigentleg søkt på Universitetet i Bergen og var klar for studenttilværet, samstundes hadde ho framleis har vervet som fylkets leiar av ungdomspolitisk utval (UPU).

Men då Vallestad tok kontakt, var valet lett, og ho sette kursen mot Silicon Valley, skriv Firdaposten. Ho er no heime på juleferie og under Romjulstreffet i Florø sist helg var ho tindrande klar på at ho skal tilbake og etablere sitt eige selskap i Florø.

– Vi har allereie eit teknologimiljø i Norge som er bra, men det kunne vore så mykje betre. No er det snakk om å bygge opp eit teknologimiljø i Sogn og Fjordane, og det hadde vore heilt fantastisk, seier Holm.

VIL STARTE I FLORØ

Sjølv har ho ambisjonar om å starte sitt eige selskap i Florø, og årsaka til at ho vil etablere seg i Kystbyen meiner ho er såre enkel.

– Grunnen til at eg vil bu her er at det er her eg er ifrå og det er dette som er heimen min. Sogn og Fjordane har gitt meg så utruleg mykje, og eg vil gi noko tilbake, seier ho.

At ein skal kunne etablere eit teknologimiljø i Florø trur ho ikkje er nokon utopi.

– Eg trur så absolutt at ein kan etablere eit slikt miljø her i Florø. Eg har møtt mange Florø-ungdommar som brenner for entreprenørskap, og slik har det vore i fleire år. Eg håpar dei tek den gnisten med seg frå vidaregåande og ønsker å satse vidare på eige initiativ, seier ho.

Holm meiner moglegheitene allereie er på plass i Florø og peiker på Fram Flora som ein viktig aktør.

ROSAR FRAM FLORA

– Fram Flora er ei fantastisk bra støtte. Dei kan bidra både finansielt, men råda deira er truleg endå viktigare. Ein ser allereie at det veks opp fleire spennande selskap via Inkubator-prosjektet deira, og då har kontaktane deira vore viktige, seier ho.

– Det er folk i Florø som sit på veldig mykje kompetanse, og då er samspelet mellom dei forskjellige næringane viktig, seier ho og visar til oljeindustrien, verftsindustrien og havbruksnæringa som er sterkt representert i Florø.

VIL HA KULTURENDRING

Holm trakk fram frykta for å feile som den største hemskoen for nyskapingar i Norge. Der meiner ho vi har mykje å lære frå miljøet i Silicon Valley.

– Der er feiling synonymt med læring. Eg trur vi må endre den kulturen vi har her i Norge som seier at om ein har feila, så bør ein helst finne seg ein sikker jobb. Det må vere meir openheit for feiling og det må vere lov å feile litt, avsluttar ho.