Mesta ser ut til å vinne anbodet for brøyting i Indre Sunnfjord frå 2015-2020. Driftskontrakten er verd om lag 175 millionar kroner.

– No får vi vente og håpe at vi får kontrakten, seier regiondirektør Kjell Asbjørn Næss til Firda.

KONTROLLREKNING

Først må nemleg vegvesenet kontrollrekne og sjå at alt er i orden før Mesta kan heise flagget til topps.

– Ein slik kontrakt betyr mykje for oss, så vi får håpe vi får den, seier Næss.

Kontrakten vil bety at Mesta må tilsette sju- åtte nye personar. Først i januar får Mesta vite om dei får kontrakten.

HADDE LÅGASTE ANBOD

Mesta noterte seg for lågaste anbod under opninga, om lag 4,5 millionar lågare enn nærmaste konkurrent.

I dag har Oppedal Drift kontrakten, men Mesta sat med kontrakten i ein lengre periode før den tid att.

– Kontrakten passar veldig godt i hop mellom Ytre Sunnfjord og Sogn som vi også har, seier regiondirektøren.

Kontrakten gjeld alle fylkes- og riksvegane i Indre Sunnfjord.

– Dette var kjekt. Vi får ta det som ei stadfesting på at vi har rekna godt, seier distriktssjef Dagfinn Brotnow i ei pressemelding på Mesta sine heimesider.