I ei pressemelding frå Eide Marine Services heiter det at Eide Flex-riggen «Posh Xanadu» no er på veg til Brasil for å starta på ein 1+1 års kontrakt med det brasilianske oljeselskapet Petrobras, skriv Kvinnheringen.

Riggen forlét verftet i Kina 8. desember, og seglar no for eigen maskin til Singapore der den skal presenterast for inviterte gjester. Seinare vil den bli følgt av slepebåt til Brasil.

BUSTADPLASS FOR 750

«Posh Xanadu» har ein bustadkapasitet på 750 personar, og skal liggja kopla til med gangveg til Petrobras sine offshore-installasjonar medan det blir utført vedlikehald på desse.

– Riggen er utvikla av Eide Marine Gruppen og har vore gjennom fleire års studiar og testar. Eide Marine Group kontraherte skroget hos BOHAI i Kina hausten 2010, og selskapet har vore ansvarleg for design, engineering og byggjetilsyn, heiter det i pressemeldinga.

GLEDE

– Eg ser fram til å få denne første riggen i drift. Dette er verkeleg ein milepåle for oss, seier styreleiar i Eide Marine Gruppen Georg Eide.

I pressemeldinga framhevar administrerande direktør i Eide Marine Solution, Frode Sønstabø, det gode samarbeidet dei har hatt med norske utstyrsleverandørar. Mellom anna har Noreq/Harding levert livbåtar.

Skroga til Eide Flex-riggen «Posh Xanadu» og «Posh Arcadia» vart selde til PACC Offshore Services Holding Ltd i Singapore våren 2013. «Posh Arcadia» skal vera ferdig bygd våren 2015.