Førde-verksemda Multi Maritime skal prosjektere og konstruere tre nye ferjer til Norges desidert største ferjesamband mellom Horten og Moss.

Anbodskonkurransen vart publisert i både den europeiske og norske databasen for offentlege innkjøp, TED og Doffin.

LIGG HEILT I FRONT

– Dette er ei viktig kontrakt for oss, og eit av våre aller største prosjekt hittil. Dette er eit nytt bevis på at Multi Maritime ligg heilt i front på utvikling og design av skip, seier administrerande direktør Gjermund Johannessen i Multi Maritime AS til Firda.

8. desember signerte Statens vegvesen og reiarlaget Bastø Fosen Norges største ferjekontrakt med ein verdi på 4,5 milliardar kroner. Den nye kontrakten gjeld frå 1. januar 2017 til og med 31. desember 2026.

NYUTVIKLA SKROGFORM

Dei tre nye ferjene skal utstyrast med energieffektive dieselmotorar som tilfredsstiller morgondagens strengaste miljøkrav, i tillegg til ei nyutvikla energieffektiv skrogform.

– Vi har jobba tett med reiarlaget Bastø Fosen, og drog denne avtalen i land fordi vi er best på vårt fagfelt, det vil seie utvikling av skip som teknisk er heilt i tet internasjonalt, seier Johannessen.

Sjølv om Multi Maritime har samarbeidd med Bastø Fosen gjennom heile anbodsprosessen, er det først no dei går inn i den aller mest hektiske perioden.

– Ferjene skal leverast i 2016, så vi går no inn i eit svært hektisk år med konstruksjon, dokumentasjon og sertifisering av alle detaljar som må på plass før fartøya kan settast i drift.

UNIK POSISJON

Ifølge Johannessen har Multi Maritime sidan tusenårsskiftet hatt ein unik posisjon i marknaden på prosjektering og konstruksjon av ferjer.

– Vi har konstruert meir enn 50 prosent av alle nye norske ferjer sidan tusenårsskiftet, i tillegg til at vi har levert design til fleire internasjonalt. Resten av marknaden er delt mellom tre-fire andre norske firma, pluss fleire internasjonale firma som opererer i den norske marknaden.

STØRSTE FERJER HITTIL

Dei tre ferjene til reiarlaget Bastø Fosen er dei største Multi Maritime har vore med på å konstruere.

– Vi må heile tida utvikle oss for å vere på topp teknisk. Både skrog, motorar og propell må vere mest mogleg energieffektive. Heldigvis er dataverda koma så langt at vi kan køyre datasimulerte tankforsøk som gjev tett på dei same svara som reelle tankforsøk.

Dette er første gong at Multi Maritime utviklar ferjer for Bastø Fosen, men reiarlaget er ein del av Torghatten som Multi Maritime har samarbeid med tidlegare.

– Vi opererer i ein marknad som svingar kraftig, men vi veks og ser lyst på framtida, seier Johannessen.