Frå 6,5 millionar til 24 millionar på under to år

Denne maskina er ei klatremaskin av typen Menzi Muck. Her er den i aksjon i ein skråning langs E39 mellom Sande og Vadheim.

Denne maskina er ei klatremaskin av typen Menzi Muck. Her er den i aksjon i ein skråning langs E39 mellom Sande og Vadheim. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Voldsom vekst for Norsk Bergsikring.

DEL

Norsk Bergsikring vart oppretta i Stongfjorden i Sunnfjord i februar 2013, og dette året var omsetnaden på 6,5 millionar. I 2014 ligg omsetnaden an til å bli kring 24 millionar.

– Dette er ei veldig spennande utvikling og ein heilt fantastisk situasjon. Både med tanke på auke i omsetnaden og auke i talet på tilsette, seier Roy Sævik til Firda.

Han er fungerande dagleg leiar for bedrifta som har vakse frå seks tilsette ved utgangen av 2013 til 35 tilsette i løpet av 2014.

11.191 RAS

Sjølv om han ikkje hadde forventa at Norsk Bergsikring skulle oppleve slik framgang på så kort tid, er han likevel ikkje veldig overraska.

– Med tanke på at Sogn og Fjordane er det fylket der det går desidert flest ras i Norge, så er det ikkje så rart at vi får mange oppdrag, seier Sævik.

Ifølge tal frå Teknisk Ukeblad har talet på registrerte ras i Sogn og Fjordane frå 1974 til 2014 vore 11.191. Til samanlikning har talet på registrerte ras i nabofylket Hordaland vore 5743. Hordaland er fylket med nest flest ras i landet, noko som fortel litt om situasjonen i Sogn og Fjordane. Dette blir det oppdrag av.

Det viktigaste prosjektet for Norsk Bergsikring har til no vore E39 mellom Sande og Vadheim.

– Denne kontrakten er toårig, i tillegg har vi ein kontrakt på halvtanna år i Fardal i Sogn. Det å ha langsiktige kontraktar gir tryggleik for oss, seier Sævik.

SER LYST PÅ FRAMTIDA

Det er ikkje berre i Sogn og Fjordane selskapet får oppdrag, og Roy Sævik har stor tru på framtida.

– Eg trur 2015 blir minst like bra som i år. Vi har allereie på plass kontraktar som vil gi 15 millionar i omsetnad i 2015, og vi forventar at det kjem på plass fleire kontraktar etter kvart. Eg ser ikkje vekk ifrå at 2015 vert betre enn 2014.

BLANT DEI 8 STØRSTE

Ambisjonen er å bli blant dei 8 største aktørane i bransjen.

– Eg vil anslå at vi allereie er blant dei 10 største. Det hadde vi ikkje forventa på så kort tid, seier Roy Sævik.

Han har trua på at veksten vil halde fram.

– Dei tre siste månadane har vi hatt ein omsetnad på 3,5 til 4 millionar. Klarar vi dette nivået framover, blir det veldig bra, og eg ser ikkje vekk ifrå at vi på sikt vil kunne doble omsetnaden. I så fall vil vi sjølvsagt trenge meir arbeidskraft.

HAR FÅTT HJELP

Hovudaksjonæren til Norsk Bergsikring er KOJ Holding AS, som er 100 prosent eigd av Kay Ove Johansen. Johansen er i tillegg eigar av eit selskap som driv med sikringsarbeid offshore.

– Gjennom Kay Ove som hovudaksjonær har vi fått tilført både kompetanse og kapital til å finansiere ein kraftig vekst. Det kunne vi vanskeleg ha klart utan Johansen som eigar, seier Roy Sævik.

Artikkeltags