I ei pressemelding frå Havyard Group kjem det fram at Havyard Ship har skrive kontrakt med det danske rederiet ESVAGT om bygging av serviceskip til Dudgeon vindmøllepark. Denne vindmølleparken vert operert av Statoil, og er lokalisert utafor kysten av Storbritannia, melder Firda.

VELDIG FORNØGDE

Skipet er det tredje serviceskipet Havyard bygger for ESVAGT.

– Vi var veldig glade for å etablere samarbeidet med ESVAGT på dei to første skipa, og vi er endå meir fornøgde med at dei vel oss igjen, seier salsdirektør i Havyard, Gisle Vinjevoll Thrane.

MINDRE SÅRBARE

Ifølgje han var dei første kontraktane med ESVAGT eit gjennombrot for Havyard på marknaden som leverer serviceskip til til offshore vindkraftproduksjon.

– Det at vi har produkt og relasjonar i ulike marknadssegment gjer at vi ikkje vert like sårbare for svingingar i dei enkelte marknadane, seier Thrane.

Med denne nye ordren har Havyard Group ein ordrereserve til skipsbygging på kring tre milliardar norske kroner og god kapasitetsutnytting langt ut i 2016.