Den klart største skattytaren i Lindås, Statoil, er svært nøgd med signala frå Lindås kommunestyre, skriv Nordhordland.

Det er for året 2014 skrive ut eigedomsskatt på verk og bruk i Lindås kommune på 163.059.754 kroner.

STATOIL ER KLART STØRST

Det er 84 verk og bruk som skal bidra til at kommunekassa i Lindås vert fylt opp. Per i dag går alle dei 163 millionane rett inn i drifta til kommunen.

Den klart største skattytaren av dei alle er Statoil Mongstad, som betalar inn 90,3 millionar kroner i eigedomsskatt årleg.

På kommunestyremøte i Lindås sist veke gjekk eit knapt fleirtal, beståande av Framstegspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti, inn for å sjå nærare på effekten av å redusera eigedomsskatten.

– Ifølge prognosane til kommunen vil disposisjonsfondet vera passert 250 millionar kroner. Og slik arbeidslivet ser ut no, er det då rett at kommunen skal bygga opp eit slikt fond, eller skal me dempa trykket på næringslivet litt, påpeika Bjarte Vatnøy (FrP).

– DEI SMÅ TRENG MEST

Hans forslag om å redusera eigedomsskatten frå sju til seks promille vil gje kommunen 23,3 millionar kroner i mindre inntekter.

– Kven er det som treng denne letten?

– Det er dei små som betalar 50-100.000 kroner i eigedomsskatt. Det er fort ei månadsløn eller to, og kan bety at ein slepp oppseiingar i tøffe tider, seier han.

Han presiserer at det er snakk om å ta frå pengane som vert overført til fond, og ikkje dei som i dag vert brukt til drift.

Statoil Mongstad likar signala frå kommunestyret.

– YNSKJER VELKOMEN

– Alle tiltak som hjelper til med å betra rammevilkåra til industrien og vår evne til å konkurrera internasjonalt, ønsker me sjølvsagt velkommen, seier informasjonssjef Jon Halstein Tjore til avisa Nordhordland.

Arbeidarpartiet og Nina Bognøy støtta ikkje forslaget.

–Dette har konsekvensar i alle retningar, så det må me vekta i lag, seier ho.

Bognøy seier dei verken er forkjemparar eller motstandarar til skatten.

– Me får sjå kva som kjem av bestillinga som ligg inne, så får me ta vurderingane etter det, seier Arbeidarpartiet sin gruppeleiar.