Krev å få sjå plan B for Engebø-gruva

Gunhild Berge Stang (V) meiner alternative gruveplanar kan imøtekome alle interesser i Førdefjorden.

Gunhild Berge Stang (V) meiner alternative gruveplanar kan imøtekome alle interesser i Førdefjorden. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Stilte spørsmål i Stortingets spørjetime.

DEL

Stortingsrepresentant Gunnhild Berge Stang (V) krev no å få vite kva alternativ Nordic Mining har til eit sjødeponi i Førdefjorden, skriv Firda.

I Firda for tre veker sidan sa Ivar Fossum i Nordic Mining at det fanst ein plan B, om dei fekk nei til sjødeponi på Engebø. Eg forlangar å få vite kva denne planen går ut på, seier Gunnhild Berge Stang.

Ho møter som vararepresentant på Stortinget for Sveinung Rotevatn, som er på reise.

PEST ELLER KOLERA

– Det som er oppsiktsvekkande med det, er at dei heile tida har køyrt på at utan sjødeponi er det ikkje realistisk å få til gruvedrift. Og det trur eg har pressa veldig mange politikarar til å gå inn for noko dei ikkje hadde ei god kjensle for. Mange har kjent på eit slags val mellom pest eller kolera, der det å seie nei til sjødeponi vart å seie nei til ein masse arbeidsplassar, seier Stang.

– Viss det verkeleg fins ein plan B, har Nordic Mining ført politikarane bak lyset, meiner Berge Stang.

MÅ SPEKULERE

– Hvis vi hadde fått plan B på bordet, kunne vi jo tatt stilling til den, men kva er den? Så lenge Fossum ikkje vil ut med kva den går ut på, kan vi jo berre spekulere:

– Er plan B ein plan B fordi den er mindre lønsam for Nordic Mining? Og viss den er mindre lønsam for Nordic Mining, er det fordi den er meir lønsam for samfunnet, ved at det blir skapt fleire arbeidsplassar? Ei løysing med landdeponi vil jo antakeleg vere meir arbeidskrevjande enn å berre tømme avfallet rett i sjøen?

Berge Stang trur at dersom samfunnet hadde fått innsyn i plan B, kunne ein kanskje kome fram til ei ordning som lønte seg for alle partar:

KUNNE VERNA FJORDEN

– Hadde vi fått sett denne alternative løysinga, så kunne vi kanskje kome dithen at vi kunne fått til gruvedrifta og likevel tatt hensyn til livet i fjorden og ikkje minst dei næringane som i dag brukar fjorden, seier Stang. Ho krev no at Ivar Fossum legg plan B på bordet:

– Og det burde fleire gjere og. Havbruksnæringa, fiskerinæringa og turistnæringa langs fjorden har alle uttalt at eit sjødeponi vil vere svært skadeleg for dei. Eg er overraska over at Høgre, som skal være eit næringsvenleg parti , ikkje har sytt for å få oversikt over kva alternativ vi faktisk har i denne saka. Viss dei no vel å gje Nordic Mining ei blankofullmakt på trass av faglege vurderingar og på trass av at i ikkje veit kva alternativ vi har å velje mellom, då syns eg det er rystande.

EI FJØR - FEM HØNS

– Det finst ingen plan B. Dette er fjøra som vart til fem høns, seier Ivar Fossum, administrerande direktør i Nordic Mining.

– Vi ser ikkje for oss noka anna miljømessig berekraftig løysing for Engebø-prosjektet enn eit sjødeponi, seier Ivar Fossum,

– Men du sa til Firda at det fanst ein plan B?

– Det eg meinte var ein plan B for Nordic Mining som sådan. At vi har mange prosjekt, og at vi i fall vi fekk eit nei til Engebø måtte vurdere kva vi skal gjere med dei andre prosjekta, og strategien for selskapets prosjekt i Noreg i det heile teke. Det skal ikkje være nokon tvil om at gruvedrifta i Engebøfjellet er avhengig av eit sjødeponi. Det finst inga anna løysing enn det, seier Fossum.

Artikkeltags