Krev gruvemøte med statsråden

Askvoll-ordfører Frida Melvær kjemper sammen med kollegaen i nabokomunen Naustdal for gruvedrift.

Askvoll-ordfører Frida Melvær kjemper sammen med kollegaen i nabokomunen Naustdal for gruvedrift. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Vil snakke samfunnsvinst med kommunalministeren.

DEL

Ordførarane i Naustdal og Askvoll krev saman med fylkesordføraren i Sogn og Fjordane eit møte med kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H), før den endelege avgjerda i saka om gruveprosjektet i Engebøfjellet skal takast, skriv Firda.

MILJØOVERVAKING

I ei felles pressemelding opplyser dei at eitt av føremåla med møtet er å streke under den samfunnsmessige vinsten dei meiner mineralutbygginga vil ha. Samstundes ønskjer dei at det omstridde sjødeponiet skal følgjast opp med eit miljøovervakingsprogram med kriterier for kva som kan tillatast.

SVÆRT NØGDE

Askvoll-ordførar Frida Melvær (H) og varaordførar Harald Kvame (H) i Naustdal seier begge at dei er svært nøgde med resultatet av tilleggsundersøkingane som er gjort i fjorden.

– I dette resultatet ligg mellom anna at straumen i deponiområdet er låg, noko som dokumenterer at sjøarealet det handlar om, er ideelt for deponering av avgangsmassen, seier Melvær.

Miljødirektoratet har likevel frårådd godkjenning av sjødeponiet, på grunn av uvisse rundt vandringsvegane for kysttorsk og ål, og kva gyte- og oppvekstområda har å seie for raudlisteartane pigghå og blålange. Kvame peikar på at Miljødirektoratet samstundes har streka under at dei ikkje har gjort fullstendige avvegingar av miljøomsyna opp mot andre samfunnsmessige omsyn.

INDUSTRIUTVIKLING

Dei tre meiner at gruveverksemda i Engebøfjellet kan vere starten på ei framtidsretta og berekraftig industriutvikling i regionen.

– Om lag fem hundre arbeidsplassar vil bli knytt direkte eller indirekte til utbygginga. For regionen og for Sogn og Fjordane er dette monaleg, seier Harald Kvame.

SAKKAR AKTERUT

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) trur mineralnæringa vil bli ei viktig næring i fylket i tida som kjem, dersom det blir gitt løyve til oppstart.

– Vi sakkar akterut i folketalsutvikling, samanlikna med dei fleste andre fylke. Difor må vi få moglegheit til å utnytte dei naturgitte ressursane vi har på ein berekraftig og miljøvennleg måte, slik at det fremjar vekst både i tal arbeidsplassar og folketal, seier Kjelsnes i pressemeldinga.

Artikkeltags