Hurtigruten ASA krev å få betalt tilbake anløpsavgifta dei har betalt frå 2011 til 2013, totalt 2,456 millionar kroner. I tillegg vil dei ha halv pris for å legge til kai i Florø.

Bakgrunnen er at Hurtigruten meiner dei er over- eller feilfakturert. Selskapet har det siste året hatt full gjennomgang av kaivederlag og anløpsavgift ved alle sine 34 anløpshamner. I samband med dette har dei bede alle kommunane om å dokumentere gyldigheiten av avgiftene sine.

– Vi har anløp til 34 hamner frå Bergen til Kirkenes, og det er relativt store forskjellar i avgiftsnivået, både når det gjeld anløpsavgift og dei ulike vederlaga, seier kommunikasjonsrådgjevar Stein Lillebo i Hurtigruten ASA til Firdaposten.

Overfor Vest24 stadfestar Lillebo at selskapet har dialog gåande om tilsvarande problem ved ei rekke hamner på Vestlandet.

– Vi har tilsvarande dialog med eit tjuetals hamner langs kysten. Vi har hatt ein kraftig aukeng av hamneutgiftene dei siste tre åra og spør oss om innkrevinga er i tråd med den nye hamnelova. For oss handler dette om mykje penger, seier Lillebo til Vest24.

KLARE LOVKRAV

– Lova stiller klare vilkår til innkrevjing av anløpsavgift. Mellom anna krevst det dokumentert og etterprøvbar fordeling av kostnader i eit sjølvkostrekneskap, seier han.

Flora kommune har hatt eit år på seg til å legge fram slik dokumentasjon, men Hurtigruten er ikkje nøgd med svaret dei har fått. Dei har fått noko dokumentasjon, men manglar framleis mykje. Difor har dei no purra på kommunen, og ber samstundes om å få betalt tilbake nesten 2,5 millionar kroner. Dette er anløpsavgift Hurtigruten har betalt for 2011, 2012 og 2013.

– Då vi eit år etter å ha sendt innsynsoppmoding framleis ikkje har fått tilsendt etterspurt dokumentasjon, må vi legge til grunn at den ikkje finst. Vi ber difor om at anløpsavgifta for dei siste årene vert betalt tilbake, seier Lillebo.

KREV HALV PRIS

Hurtigruten har i sin gjennomgang av alle hamnene spurt om å få redusert eller rabatterte prisar. Dette har dei oppnådd hos nokre få.

– Ved enkelte hamner har vi lukkast med å få meir langsiktige, føreseielege avtalar. Men dette er primært knytt til nokre private kaianlegg, seier han.

Hurtigruten har frå 2009 til 2013 hatt ein auke i hamnerelaterte kostnader på 19 millionar kroner. I 2009 kosta hamneanløpene 73 millionar kroner, i 2013 betalte dei 92 millionar.

Selskapet ønsker no rabattavtale med «ein riktig og rimeleg pris» for å legge til kai i Florø. Dei påpeikar at Hurtigruten berre er innom på to korte besøk kvar dag, at dei belastar kaia og hamna lite, og at dei går i fast konsesjonsrute.

– I dag betalar vi fullt døgnvederlag for bruk av kai to gonger per døgn. I dette ligg det betydeleg dobbeltbetaling. Vi ber om at det blir bestemt at Hurtigruten berre skal betale for eit anløp per døgn, eller berre for dei første 10–15 anløpene i ein månad, skriv Hurtigruten i eit brev til Flora kommune datert 17. desember.

– Kva skjer viss ikkje kommunen vil betale, eller vil gi ytterlegare rabatterte prisar?

– Vi har tru på at dette løyser seg. Om det viser seg å vere vanskeleg, så må vi når den tid kjem sjå på dei ulike alternativa som då måtte ligge på bordet.

RETTSLEGE STEG

I april 2014 varsla Hurtigruten at dei vil vurdere rettslege steg mot enkelthamner dersom dei ikkje lukkast å komme til einigheit om avgiftene.

– Vi skal betale for tenestene vi får levert i hamnene, men skal heller ikkje betale meir. Vi vurderer no korleis vi tar dette vidare, og vurderer rettslege steg mot enkelthamner, sa kommunikasjonsdirektør Anne Marit Bjørnflaten då.

– IKKJE AKTUELT Å BETALE

– Vi er ikkje åleine om å få eit slikt krav frå Hurtigruten. Dei har sendt slike krav til alle anløpshamnene sine. Eg har lest brevet dei sende i desember, og sende svartbrev for eit par dagar sidan, seier hamnesjef Erik Svendsen i Florø til Firdaposten.

I denne saka følger Flora hamn råda dei har fått frå sin interesseorganisasjon, Norsk Hamneforeining.

– Vi kjem ikkje til å betale tilbake noko til Hurtigruten, slår hamnesjefen fast.

Han seier at selskapet allereie får gode prisar i Flora.

– Hurtigruten får sterkt rabatterte prisar for å bruke Florø hamn, i forhold til andre brukarar av hamna vår. Så vi kjem uansett til å halde oss til dagens vederlags- og avgiftsnivå. Flora hamn har eit vedteke avgiftsregulativ, og det er det som gjeld, seier Svendsen.