– Når vi har eit lag i andredivisjon som samlar opp mot 1000 tilskodarar annankvar helg og i vår gav oss store opplevingar mot framskotne lag som Molde, så seier det seg sjølv at dei gir oss veldig mykje. Florø Fotball bidreg med å sette Florø på kartet og det er viktig for oss som bur og arbeider her. Då er det viktig å støtte opp om den type organisasjonar som reklamerer for Florø på ein positiv måte, seier Hollevik, til Firdaposten.

GÅR BEGGE VEGAR

Hollevik seier han trur bedriftene kan få like mykje att for det som fotballgruppa.

– For bedrifter er det viktig å henge seg på eit "winning team". Her bør mange kjenne si besøkstid og samle seg bak ein organisasjon som profilerer Florø på ein god måte, konstaterer leiaren i Flora Industri og Næringsforeining.

Rasmus Mo som er omdømmeleiar i Sogndal Fotball er samd og seier at ein no må sjå verdiane av fotballeventyret i Florø. Han er klar på at Sogndal Fotball aldri ville vore der dei er i dag om det ikkje var for samarbeidet med Lerum.

SAMARBEID I 35 ÅR

– Vi har hatt eit samarbeid i 35 år med Lerum, og det har vore eit samarbeid som har utvikla seg frå rein sponsing for at Sogndal kunne satse på fotball, til å bli eit samhald og samarbeid som viser seg å vere nesten ubetaleleg.

Mo seier bedriftene i Florø må spørje seg kva som skjer i Kystbyen om ein mistar fotballen.

– For det første forsvinn 90 minutt med fotball kvar veke, som er ein ting. Men all profileringa rundt og alt som angår merkevara Florø vil bli svekka. Fotballen er ein ambassadør for byen og det arbeidet dei gjer er kjempeviktig, seier han og viser til «Saftbygda», som blei eit omgrep etter at TV 2 sitt sportsanker Davy Wathne begynte å bruke det i samband med fotballaget.