– Vi håpar nokon kan overta og nytte det meir enn vi har gjort dei siste åra, seier dagleg leiar Arne Klausen i Klausen Mek Verksted AS til Firda.

Han legg ikkje skjul på at det er vemodig å selje. Anlegget vart starta i 1948 av far hans, Olav Klausen, og onkelen Jørgen.

Dei la stein på stein i utviklinga av bedrifta, og på slutten av 1970-talet var talet på tilsette oppe i 130, der mange var ute på oppdrag i andre bedrifter.

– Klart det er ei vanskeleg avgjerd å skulle selje. Men vi håpar at det kan bli skapt nokre nye arbeidsplassar, kanskje i andre bransjar enn vi har drive, seier Klausen som eig anlegget i lag med broren Leiv Gunnar Klausen.

SLUTT I 2009

Dei avslutta drifta på Helle litt før jul i 2009. Etter den tid har det blitt lagra ein del utstyr til Dals ordbrua og elles båtar og bilar på anlegget, men produksjon har det ikkje vore.

Ein del av ei lang industrihistorie i Dalsfjorden er dermed til fiendes.

– Ja, det kan du godt seie.

Denne regionen har hatt mykje industri, og nokre bedrifter har halde ut lenge.

Klausen produserte stålkonstruksjonar til skipsverft og smelteverk, men i dag skjer produksjonen av slikt utstyr i Polen, Tyrkia og Kina fordi det er billigare.

– Vi leverte skipsseksjonar til Kleven, Kværner og Ankerløkken som dei var dei siste som bygde båtane sjølve i Norge. No er det meir eller mindre slutt på dette, og då blir det lite oppdrag på oss, fastslår Klausen som medgir at det er litt stussleg å sjå industribedrifter bli borte.

GODE IDEAR

Han torer ikkje seie kven som kan sjå seg nytte i anlegget deira på Hellestrand som er prissett til rundt ni millionar kroner.

– Vi lyt berre vente og sjå. Håpet vårt er at noko har gode idear og at dette kan gje Askvoll nye arbeidsplassar. Alt ligg godt til rette for produksjon av stålkonstruksjonar. Anlegget har stor verkstad, ei bra kai, eit uteområde og mykje utstyr. Om nokon i vår bransje fattar interesse, så er det nesten berre å begynne i morgon, seier han.

For ei tid tilbake ønskte nokon å starte pelletsfabrikk, men det rann ut i sanden.

SELSKAPET HELD FRAM

Selskapet som eig anlegget på Hellestrand, Klausen Mek Verksted AS, blir ikkje nedlagt.

– Vi produserer ein del stålkonstruksjonar til Elkem og Schindler Stahl Heiser i Sveits, så vi har framleis noko å gå til. I fjor omsette vi for 2,5 millionar kroner, opplyser Klausen.

Elles er han og broren stadig hovudaksjonærar i Klausen Industrier Svelgen AS.

Bedrifta med 16-17 årsverk og eigne lokale i Svelgen hadde i fjor ei omsetning på 18,7 millionar kroner og eit resultatet før skatt på 2,8 millionar.