Steinsvik Group har i kjøpt 100 prosent av aksjane i selskapa Ocea AS og Ocea Chile S.A. Seljar er Ocea Gruppen AS. Dotterselskapa i Ocea AS, Ocea UK Limited og Tromotech OÜ, inngår i handelen, skriv Steinsvik Group i ei pressemelding.

– Vi ønskjer å bygge eit globalt selskap og har store ambisjonar for framtida. Begge selskapa har leiande produkt i sektoren, og kjøpet gjer det muleg for oss å hente ut synergiar. Dette vil bidra til endå større fokus på FoU og gjer det muleg for oss å bidra endå meir aktivt til den vidare teknologiske utviklinga i næringa. Vi får i tillegg tilføre ei rekkje nye produkt som gir grunnlag for vidare vekst. Vi ser at storleik er av betyding og oppkjøpet sikrar oss ein langt høgare volumbase, seier administrerande direktør Bjørn M. Apeland.

– HAR MYKJE Å BIDRA MED

Styreleder i Ocea Gruppen AS, Dag Sørsdahl, er godt nøgd med at Steinsvik Group kjøper Ocea.

– Vi meiner dette er ein riktig industriell løysing for selskapet. Ocea har mykje å bidra med, og vi sel eit selskap i sunn og god utvikling både i Norge og Chile. Ocea har ei rekkje nye produkt. Spesielt Ocea Thermolicer som vil bli eit viktig verkty for næringa i arbeidet med å bekjempe lus.

Den samla gruppa vil i 2014 truleg ha ein omsetning på 600 millionar kroner.