– Det har plutseleg skjedd ein eksplosjon i etterspurnad, seier Anders Haugen, forretningsutviklar i Hellenes, til Firda.

Hellenes Gruppen leverer produkt til oljeindustrien i heile verda. No har Hellenes fått kontrakt med det amerikanske selskapet Halliburton om å levere to komplette anlegg for reinsing av oljeavfall utanfor kysten av Angola.

«SPIN-OFF»

– Dei to maskinene vi produserer no skal inn i det området saman med to maskiner vi tidlegare har produsert, seier forretningsutviklar Anders Haugen.

Hellenes skal òg installere anlegga på rigg, saman med anna tilknytt utstyr dei leverer.

– Det blir det vi kallar «spin-off» av dette salet, så leveransane blir meir enn 60 millionar totalt, seier eigar og administrerande direktør i Hellenes AS, Agnar Hellenes.

Maskinene skal leverast i mars eller april.

REINSAR AVFALL

Teknologien det er snakk om er eit system for reinsing av avfall frå oljeboring.

– Det som kjem opp ved boring er ganske store mengder avfall, som her i Norge er kategorisert som farleg, seier Haugen.

I Norge har det vore strenge reglar for dette lenge, forklarar han, men no kjem resten av verda etter.

– Dei strammar inn på krava til utslepp blant anna i Vest-Afrika, og ein får ikkje lov å dumpe dette i sjøen lenger. Konsekvensen er at det trengst nye løysingar.

Og det aukar behovet for teknologien til Hellenes.

– Det har plutsleleg skjedd ein eksplosjon i etterspørsel, og same tendensen ser vi andre stader i verda, seier Haugen.

300 ÅRSVERK

Haugen trur dei kan få fleire produkt i porteføljen til Halliburton.

– Vi har i nærleiken av 300 årsverk knytt til denne teknologien, og vi kan operere alle anlegg vi har levert i verda herfrå, dersom dei får problem.

GRØNT SKIFTE

Haugen meiner dei lever godt av noko som gjev mindre utslepp, og såleis er bra for miljøet.

– Viss vi har valet mellom å legge ressursar i noko som miljøet har godt av, eller noko anna, vil vi alltid prioritere det som er bra for miljøet, og det er marknad for.

Agnar Hellenes hevdar dei ikkje utviklar forureinande teknologi.

– Vi vil prøve å gå mot eit grønt skifte. Det er jo ikkje veldig lett når heile verda har basert seg på fossile energikjelder.

– Dess fleire løysingar vi kan komme opp med som viser at det er mogleg å gå i ei grøn retning, dess lettare er det å få dei implementert. Vi har heile tida i bakhovudet at vi skal gå i ei grøn retning, seier han.

Hellenes går så det gneistar for tida. Til våren skal dei levere to maskiner for reinsing av boreavfall til Angola Foto: Knut ådne Røen

Stort: Det komplette anlegget veg om lag 100 tonn. Foto: Knut Ådne Røen