Like før jul informerte direktøren kommunestyret i Kvinnherad om situasjonen ved nøkkelverksemda, skriv Kvinnheringen. Sævartveit starta med å sjå eitt år tilbake i tid.

– For eitt år sidan var Søral i ei djup og alvorleg økonomisk krise. Kanskje ikkje alle utanfor portane på Søral har forstått kor alvorleg dette var, sa Sævartveit.

UNDERSKOT PÅ 286 MILLIONAR

Eit driftsunderskot på 286 millionar kroner og utsikter som ikkje var gode, var situasjonen då verksemda gjekk inn i 2014.

– For nøyaktig eitt år sidan var oppstart av b-hallen milevis unna å vera tema. Langt meir aktuelt var det med ei nedstenging av a-hallen, sa Sævartveit.

– Vi har gått i ein lang, bratt motbakke i motvind i seks år, og vi er stolt av at verksemda no har vore med å snu dette.

SNUDDE MED VERKSEMDA

Sidan Hydro tok over på Husnes har verda svinga med verksemda.

– Dette gjeld bolt-tillegg, pris på aluminium, og spesielt valuta. Særleg det som har skjedd dei siste vekene gjev kortsiktige positive utslag for oss, sa Sævartveit.

Han karakteriserte det som har skjedd i løpet av eitt år som smått mirakuløse endringar.

– Eigarskapet er avklara, marknaden har snudd og vi har funne vår plass i verdas beste aluminiumsselskap, sa Sævartveit.

LYS FRAMTID

Han kunne òg fortelja at ein ser lyst på framtida.

Når det gjeld b-hallen, er ikkje spørsmålet om den skal opp igjen, men når. Arbeidet med planlegginga av oppstart byrjar over nyttår med ein prosjektorganisasjon. Dei skal gjera ei større utgreiing, som er kompleks og som omhandlar store summar og omfattande grep.

– Vi må tenkja korleis det skal investerast, tenkja val av teknologi og for eksempel kor mange omnar vi skal ha i b hallen, 50,100 eller 150, sa Sævartveit.

HUNDRE NYE ÅRSVERK

Sævartveit drog fram samarbeidet med leiar i Husnes Kjemiske, Ørjan Normann.

– Det å ha ei vaksen, oppegåande og kompetent fagforeining har vore avgjerande viktig, sa Sævartveit.

Når det gjeld rekruttering, så er Hydro Husnes i dag ein strippa organisasjon.

Med omsyn til tida framover påpeika direktøren at det er viktig å ta vare på dei lærlingane ein utdannar og samtidig vera veldig bevisste når ein skal tilsetja nye folk.

– Når vi snakkar om full oppstart, vil vi ha behov for rundt nye 100 årsverk, sa Sævartveit.