Vedtaket om å tillata utfylling er fatta med bakgrunn i reguleringsplanen vedteken i 2004, ein plan motstandarane meiner ikkje er oppdatert i høve til dei inngrepa som vert gjort, skriv Nordhordland.

Debatten rasar no for fullt i sosiale medier, der spesielt motstandarane er aktive. Men innbyggarane i Meland er ikkje udelt negative til Frank Mohn sine planer om utviding.

Mange fryktar ei utflagging av Frank Mohn om dei ikkje får gjennomslag for planane sine om utfylling og utviding av verksemda på Flatøy.

FØREBUR KLAGER

Både naboar og andre førebur no klager på vedtaket frå kommunen. Naturvernforbundet Nordhordland protesterer på det kraftigaste, og har varsla at dei vil klage på vedtaket.

Dei meiner utfyllinga vil bli den største av sitt slag i Meland og den tredje største i Nordhordland etter Mongstad og Sløvåg. Leiar Jan Nordø er fortørna over at Meland kommune har handsama denne gigantutfyllinga, som kan få eit botnareal som er fire gonger større grasmatta på Brann Stadion, på same måte som ein garasje.

– Kommunen har gitt eit administrativt rammeløyve med utgangspunkt i ein reguleringsplan frå 1989. Denne planen er gått ut på dato, seier han.

– I dag er det heilt andre miljøkrav som gjeld.

NEGATIVE KONSEKVENSAR

Nordø meiner at gigantutfyllinga vil ha store negative konsekvensar for naturmangfaldet i Flatøyosen og for friluftsområdet på Håøy.

– Ei så stor utfylling i sjø må handsamast som ein del av ein overordna plan og ikkje som eit rammeløyve i ein plan som har gått ut på dato, seier han. Nordø er forundra over at kommunen ikkje har stilt krav til å greie ut andre alternativ til gigantutfyllinga.