Lokale aktørar i Nordhordland vart sist veke informert om tankane om felles reiselivssatsing i Nordhordland, under paraplyen Bergensregionen, som er byen og kysten frå Sunnhordland til Nordhordland, skriv avisa Nordhordland.

VIL HA «KYSTMINISTER»

– Ønsket er å få tilsett eigen «kystminister» og «innanriksminister» for denne reiselivsregionen, seier Ole Warberg, reiselivsdirektør i Bergen Reiselivslag. Han fortel at det finst midlar for den som vil satsa.

– Eg ser for meg at vi vert ein del av Bergen Reiselivslag, men med ei lokal gruppe i nord, med både næringslivet og kommunane med på laget, seier hotelldirektør Runar Hilland.

SOM METTE KATTAR

Fleire påpeikar at Nordhordland er for lite kjent i Bergen, og ikkje har fått den plassen regionen fortener.

– Nordhordland er nett som mette kattar, dei har Mongstad og olja og legg seg mett under bordet. Det er ein heilt annan driv på Voss og i Hardanger. Eg trur folk i Nordhordland og blir tvungne til å tenka nytt, seier Helge Brekke.

– Dei som vil opp og fram må etablera eit godt nettverk som drar lasset i lag. Og eit samarbeid med frivillige kan vera gull verd, seier Jon Ingar Kjenes.

LØFT FOR REGIONEN

– Eg ser eit samarbeid med Bergen Reiselivslag som eit forsøk på å løfta oss inn i den moderne tid. Vi må ha ei næring som vil, og ei forventning om at kommunane bidrar, seier Vidar Bråthen, rådmann på Fedje.

Næringssjef i Austrheim og Lindås, Øystein Sørhaug presiserte på møtet sist veke at næringslivet må vera tydeleg på deira behov.

– Mange av oss er alt med i Bergen Reiselivslag, som er ein god medspelar for reiselivsnæringa i Nordhordland. Veldig bra om fleire blir med på laget, seier Torill Kvingedal, dagleg leiar ved Lyngheisenteret på Lygra.