Ved utgangen av 2014 var det registrert 11.308 fiskarar og 5952 fiskefartøy i Norge. Begge desse tala er reduserte med 3 prosent i løpet av fjoråret, viser førebelse oversikter utarbeidde av Fiskeridirektoratet si statistikkavdeling.
Talet på fiskarar som har fiske som hovudyrke vart redusert med 181 i løpet av 2014, frå 9559 i 2013, til 9378 i fjor. Dette tilsvarar ein nedgang på to prosent. Talet på dei som har fiske som biyrke vart redusert frå 2052 i 2013, til 1930 i fjor, ein nedgang på heile seks prosent.
Talet på fiskefartøy går også ned - frå 6126 i 2013 til 5952 i fjor. I gruppa for fartøy mellom 10 og 11 meter aukar talet, men for alle dei andre gruppene går det ned.
I 1990 fiska ein norsk fiskar i gjennomsnitt 58 tonn, medan talet for 2013 var 180 tonn - meir enn tre gongar så mykje.
Fangsttala for 2014 vert ikkje presenterte før i neste veke, men om ein legg til grunn tala for samla fangst fram til november i fjor, får vi ein fangst per fiskar på 197 tonn.
Auken frå 2013 skuldast delvis auka fangst, men også reduksjonen i talet på fiskarar.
Men trenden ein alt har sett i mange år held altså fram - talet på fiskarar vert redusert, samstundes som produktiviteten per fiskar går opp.