Kraftlinjekrangel kan stoppa vindpark i Bremanger

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

I verste fall kan det rettslege spelet om 420 kV linja forbi Ålfoten også få konsekvensar for eit vindkraftanlegg på Guleslettene i Bremanger.

DEL

– Skulle det ta meir enn eitt år før arbeidet kjem i gang, kan det få konsekvensar for avgjerda om Zephyr skal sette i gang arbeidet med ein vindpark på Guleslettene.

Det seier Olav Rommetveit, dagleg leiar for vindparkselskapet til Firdaposten.

Ei utfordring er at vindparken må vere i drift før fristen for dei grøne sertifikata går ut, før 31. desember 2020. Situasjonen vil vere den same for fleire titals småkraftverk i Sogn og Fjordane som treng 420 KV linja for å for å få levert straumen sin.

Statkraft har gjeve Zephyr konsesjon for vindparken.

Men avgjerda er omstridd og partane har framleis høve til å klage.

Rommetveit reknar med at det vil ta om lag eitt år før konsesjonen er heilt avklara.

Så ventar eitt år med detaljplanlegging og to år med bygging før anlegget kan vere i drift, i beste fall i 2019.

Statnett ville ta opp att arbeidet på linja og trafostasjonen i Myklebustdalen på nyåret. Arbeidet vart stogga på dagen sist vår då retten fann at grunnlaget for den første avgjerda til departementet var feil.

Sidan har saka gått fleire rundar i retten. Den juridiske floken synest framleis uklar.

Zephyr ser små sjansar til å sende straum frå ein vindpark på Guleslettene til transformering på Grov.

– Når ikkje Statkraft har prioritert Grov, innser vi at der er små sjansar å få levert straum frå eit vindkraftanlegg på Guleslettene til eit nytt trafoanlegg på Grov, sjølv om vi i utgangspunktet såg det som beste løysinga, seier Olav Rommetveit i vindparkselskapet.

Ein ny trafo på Grov kunne tidlegast stå ferdig ved utgangen av 2021. Dette vil verte altfor seint og såleis inga løysing for Guleslettene.

I staden vil vindparken om den vert bygt sende straumen sin til Ålfoten for transformering.

Dette svarer til vedtaket til Statkraft som no er ute til klagebehandling.

Både Flora kommune og SFE har klaga på avgjerda. Dei ønsker ny trafo på Grov også for å sikre straumforsyninga til det lokale næringslivet. Bremanger støttar Ålfoten.

Artikkeltags