Tilsette føler seg grovt sjikanert og truga av passasjerar

Mannskapet ombord på MF Ampere må dagleg ta imot kritikk. No går situasjonen ut over arbeidsmiljøet. FOTO: GEIR IVAR L. RAMSLI

Mannskapet ombord på MF Ampere må dagleg ta imot kritikk. No går situasjonen ut over arbeidsmiljøet. FOTO: GEIR IVAR L. RAMSLI

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Fekk over 150 kommentarar på ein dag.

DEL

Leiinga i Norled har motteke ei bekymringsmelding frå verneombodet på ferja MF Ampere som går mellom Lavik og Oppedal i Sogn og Fjordane. Bakgrunnen er at matrosane på denne ferga opplever at arbeidsmiljøet er krevjande, mellom anna grunna negative kommentarar, grov sjikane og trugslar frå frustrerte og misfornøgde passasjerar, skriv Firda.

– Når verneombod vel å sende ei bekymringsmelding, så er dette sjølvsagt noko vi tek alvorleg, seier Inge André Utåker, som er regionssjef i Norled.

– Ikkje overraskande

Han meiner at negativ omtale av ferja i media har bidrege til den utfordrande situasjonen for dei tilsette om bord på Ampere.

– Situasjonen er ein ikkje-ønska, men ikkje overraskande, konsekvens av negativ presseomtale, seier Utåker.

Etter at Ampere vart sett inn på sambandet mellom Lavik og Oppedal, opplevde Norled ein del startvanskar.

– Vi tek sjølvkritikk på at ferja ikkje gjekk, men eg vil påstå at noko av kritikken var overdriven frå media si side, seier Utåker.

Vidare seier han at det er lite som er så vanskeleg å kvitte seg med som eit dårleg rykte.

– No er det viktig at ein legg det som har vore bak seg.

Får kommentarar kvar dag

I bekymringsmeldinga heiter det at matrosar på dekk kvar einaste tur opplever negative kommentarar som går på ferje, rederi og drifta av sambandet. I eit forsøk på å telje negative kommentarar skal ein ha komme til over 150 stykk på ein vanleg kvardag. Arbeidsmiljøet skildrast som utfordrande, og at situasjonen går utover motivasjonen og humøret til matrosane. Dette smittar også over på resten av mannskapet.

Inge André Utåker poengterer at eventuell kritikk må rettast mot dei som er ansvarlege.

– Kritikken som dei om bord opplever dagleg er retta mot feil personell. Passasjerane er ikkje så nøye på kven dei slenger med leppa til, så lenge vedkommande har Norled-logoen på seg, seier Utåker. Dette vil han ha slutt på.

– Dekkmatrosane har ein hektisk kvardag, og fortener ikkje å vere skyteskiver for avgjerder som blir tatt lenger oppe i systema, opplyser Utåker.

Han håpar denne informasjonen vil føre til ei betring i situasjonen for dei tilsette om bord på MF Ampere.

– I tillegg vil vi gjennomføre samtalar med dei som jobbar på ferja.

Kommentarane dei tilsette har fått skal mellom anna vere av typen «går dette bra då, kjem vi oss over?» «alt var så mykje betre då Fjord1 var her».

– Eg eller du hadde sikkert ikkje reagert om vi hadde høyrt slike kommentarar eit par gonger, men det blir annleis når du får det heile tida, kvar einaste dag, seier Utåker.

Tok lenger tid enn forventa

Regionsjefen vil ikkje spekulere i om ein sette inn Ampere for tidleg på sambandet.

 – Då det nærma seg oppstart, skjønte vi at det ville bli problematisk, men då var det for seint. Skulle vi hatt klar ei ekstra ferje, så måtte vi ha visst eit halvt år tidlegare at starten ville bli problematisk, seier Utåker.

Han innrømmer at problema varte lenger enn han hadde trudd.

– Vi var veldig optimistiske, og trudde alt skulle gå raskare. Ikkje før i mai var alt med ladinga heilt i orden. Så dette fortener vi peppar for, det er klart.

Han påpeikar at drifta av MF Ampere no har stabilisert seg, og at til og med juni er 94,4 prosent av talet på avgangar gjennomført i forhold til oppsett rutetabell. I juni vart det utført 2926 turar mot 2936 i rutetabellen, som utgjer 99, 6 prosent.

Artikkeltags