Fem bedrifter i i Sogn og Fjordane fekk diplom, godord og blomar frå NHO Sogn og Fjordane, under Næringsdagane i Loen, tidlegare i månaden. Alexandra Hotell, Tine Meieri Byrkjelo, Hagen AS, Jatak AS og Nettbuss Sogndal er alle opptekne av å gi arbeid også til folk med nedsett arbeidsevne, og brukar «Ringar i Vatnet»-strategien for å finne flinke folk, skriv NHO Sogn og Fjordane i ei pressemelding ifølge Firda.
Prosjektet Ringar i Vatnet blir drive av NHO i samarbeid med attføringsbedriftene og Nav.
Engasjement
– Det er veldig fint å sjå engasjementet. Bedriftene i Sogn og Fjordane viser tydeleg vilje og evne til å tenke nytt i høve til rekruttering. Det vil nok bli langt fleire utdelingar i framtida, seier Ragnhild Friis-Ottessen, regionsansvarleg for Ringar i Vatnet Vest. På ein festmiddag sto ho for utdelinga saman med NHOs regionsdirektør Jan Atle Stang.
- Les også: Etter to år uten jobb fikk Ronny en sjanse
- Les også: – Arbeid er menneskeverd
Stang rosa på si side bedriftene for det ansvaret dei tek i fylket. Han oppmoda samstundes endå fleire av medlemsbedriftene i NHO til å satse på den arbeidskrafta som Ringar i Vatnet saman med attføringsbedriftene kan tilby. Også Rikard Grov frå Alexandra Hotell rosa samarbeidet med den lokale arbeids- og inkluderingsbedrifta In Via.
60 rekrutteringsavtalar
– Dei fire arbeids- og inkluderingsbedriftene Mentro AS, Origod AS, In Via og Sogneprodukt gjer alle ein fantastisk jobb med å få folk ut att i arbeid, seier Stang. Desse bedriftene har nærare 60 rekrutteringsavtalar med lokale bedrifter og eit godt samarbeid med Nav.
Bedrifta Jatak på Kaupanger har ei tilsetjing like om hjørnet og har i tillegg funna fleire andre arenaer der dei samarbeider med Sogneprodukt. Jatak er ei av dei nyaste avtalane for Ringar i Vatnet i Sogn og Fjordane og har allereie vist seg å vere ei nøkkelbedrift, seier Friis-Ottessen.
Fleire på veg inn
Nettbuss Sogndal kan skryte av fire arbeidssøkjarar som har fått jobb og fleire er på veg inn. Per Steinar Sviggum fra Nettbuss hadde berre godord å seie om dei fire som har kome inn i bedrifta via Sogneprodukt. Dei samarbeider tett med Nav i Leikanger i høve til å finne framtidige arbeidstakarar som ønskjer å jobbe hos busselskapet.
Hagen AS har produksjonsavdelinga si i Stryn. Dei har tilsett to gjennom Ringar i Vatnet. Når det gjeld Tine Meieri Byrkjelo, har dei lang tradisjon med å samarbeide både med Nav og lokale arbeids- og inkluderingsbedrifter, skriv NHO i pressemeldinga.