Krev Oslo-arbeidsplassar flytta til Det nye Vestlandet

Frå venstre fylkesordførar i Hordaland Anne Gine Hestetun (Ap), fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Ellaug Følling (p), og fylkesordførar i Rogaland Solveig Ege Tengesdal (KriF). FOTO: IDA SLETTEVOLL, PRESSEFOTO

Frå venstre fylkesordførar i Hordaland Anne Gine Hestetun (Ap), fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Ellaug Følling (p), og fylkesordførar i Rogaland Solveig Ege Tengesdal (KriF). FOTO: IDA SLETTEVOLL, PRESSEFOTO

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Dei tre fylkeskommunane Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane, stiller krav om overføring av nye og tunge samfunnsoppgåver for å slå seg saman til ein vestlandsregion.

DEL

Dette kjem fram i eit brev dei tre fylkesordførarane i dag sender til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, i samband med at dei tre vestlandsfylka har innleia drøftingar om samanslåing, skriv Firda.

Mogeleg intensjonsavtale

– Utgreiinga vi førebur skal gje kunnskapsgrunnlag for den vidare politiske prosessen fram mot ein mogleg intensjonsavtale. Vi signaliserer alt no at vi stiller krav om overføring av nye, tunge samfunnsoppgåver for at ei regionreform skal ha noko for seg. Vi set som vilkår at Stortinget vedtek ei reform der det regionale folkevalde nivået får eit tungt ansvar for både utviklingsorienterte oppgåver og oppgåver innretta mot tenesteyting overfor eit stort tal innbyggarar, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Ellaug Følling (Sp).

Følling peikar på at statsbyråkratiet har vakse sterkt, og at mykje av det kan desentraliserast for å løyse oppgåvene nærare folket enn kva tilfellet er i dag.

Konkrete oppgåver

Fylkesordførarane i dei tre vestlandsfylka er samde om konkrete oppgåver som bør overførast frå staten til det nye regionale nivået, men Følling er likevel klar over at det kan verte tungt å få staten med på å flytte oppgåver ut til regionane.

Dette er døme på kva dei tre fylkeordførarane meiner med fordel kan flyttast ut i regionane:

Statens vegvesen, Kulturrådet, jernbane, delar av Noregs forskingsråd, NVE og anna regional naturressursforvaltning, miljøvern og landbruksforvaltning, integrerings- og mangfaldsdirektoratet, statlege høgskular og den delen av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (BUF-etat) som ikkje kan leggast til kommunane.

Vil ha tilbake sjukehusa

Vidare vurderer dei tre fylkesordførarane å overføre sjukehusa tilbake til det regionale nivået.

– Vi meiner det tener den norske forvaltningsmodellen at staten i større grad organiserer verksemda si slik at ho korresponderer med den folkevalde regionstrukturen som vert etablert. Vi meiner det også bør greiast nærare ut i kva grad ansvar, eigarskap og finansiering av heile eller delar av spesialisthelsetenestene bør leggjast til det nye regionale folkevalde nivået, seier  fylkesordførar Jenny Følling.

Artikkeltags