Feil lagra vegsalt øydela drikkevatn

Odd Buanes, og Torhild og Steinar Magne Buanes meiner det kraftig reduserte tilsiget til dette brønnholet skuldast at vegsalt har øydelagt fjellet. Statens vegvesen vedgår erstatningsansvar for salt i drikkevatnet, men ikkje for redusert tilsig.

Odd Buanes, og Torhild og Steinar Magne Buanes meiner det kraftig reduserte tilsiget til dette brønnholet skuldast at vegsalt har øydelagt fjellet. Statens vegvesen vedgår erstatningsansvar for salt i drikkevatnet, men ikkje for redusert tilsig. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Brønneigarane krev 200.000 i erstatning. Statens vegvesen nøler.

DEL

– Det var i jula 2010 vi vart merksame på at drikkevatnet vårt smakte salt, seier ekteparet Thorhild og Steinar Magne Buanes til Firda.

Analysar av vatnet frå boreholet som dei og fleire andre er kopla til på Helle i Naustdal, syner saltinnhald himmelhøgt over alle grenseverdiar.

FEKK SJOKK

– Vi har brukt denne brønnen som vasskjelde sidan vi tok den i bruk for om lag 20 år sidan, og eg fekk sjokk då vi fekk sjå analyseresultata av vatnet vårt, seier Thorhild Buanes.

For klorid og natrium synte nemleg prøvene eit innhald på høvesvis 870 og 680 milligram per liter. Grenseverdien er 200. Kalsiumsinnhaldet var på 130 milligram per liter, medan grenseverdien er 15-20.

TÆRTE HOL I RUSTFRITT STÅL

– Vi hadde ei tid hatt problem med at det etter få veker vart tæra hol i rustfritt stål i heilt nye i varmtvassberedarar. Varmeelementa varte heller ikkje lenge. Då vi fekk sjå analyseresultata frå laboratoriet byrja brikkene å falle på plass, seier Steinar Magne Buanes.

Dei andre grunneigarane som er knytt til brønnen; Odd og Bodil Buanes, Rune Buanes, og May Lene og Svein Inge Skorpeide vart varsla, og så starta jakta på opphavet til ureininga av boreholet deira.

TONNEVIS MED VEGSALT

Sidan vatn renn nedover, vart det leita i terrenget over boreholet etter svar på saltgåta.

Løysinga fann dei i Helletunnelen, om lag 300 meter unna og om lag 100 meter høgare enn brønnen. Helletunnelen er om lag 450 meter lang og drenerer ut av tunnelopninga over Buanes eigedom.

– I ei nisje inne i tunnelen oppdaga vi at det var lagra fleire lastebillass med vegsalt. Når det har runne mykje vatn i tunnelen, har vatnet teke med salt frå saltlageret ned i fjellgrunnen, før det hamna i boreholet.

Buanes kontakta straks Statens vegvesen som har driftsansvar for vegen for Sogn og Fjordane fylkeskommune, og vegsaltet vart etter kvart fjerna.

TEK DELEVIS ANSVAR

– Vegvesenet vedgår at saltprobfema i brønnen vår høgst sannsynleg skuldast lagringa av salt i Helletunnelen. Dei vedgår og delevis erstatningsansvar, men nektar å betale full erstatning slik vi krev.

Mellom anna har brønnen, ifølgje Buanes, fått redusert kapasitet sidan saltet har endra geologien, slik at brønnen i dag er å rekne som verdilaus.

Brønnen hadde eit dokumentert tilsig på 6000 liter per time. No er kapasiteten mindre enn 500 liter per time.

Ifølgje Bioforsk kan salt endre fjellets evne til å leie vatn, slik at tilsiget vert redusert. Men Vegvesenet avviser at det er samanheng mellom vegsaltet og redusert tilsig til brønnen vår.

Brukarane har skaffa seg nye vasskjelder og krev alt dekka av vegvesenet. Dei meiner å ha uteståande meir enn 200.000 kroner, mellom anna for nye brønnar og nye installasjonar.

– Vi opplever kontorfolka i vegvesenet som lite imøtekommande og lite sørvisinnstilte. Eg er forarga for at eg har vore dumsnill og hjelpt dei, avsluttar Steinar Magne Buanes.

SKAL SJÅ PÅ SAKA PÅ NYTT

Huseigarane på Helle har kravd administrativ overprøving av vegvesenets standpunkt.

– Saka om «saltbrønnen» på Helle i Naustdal er ferdig handsama hjå vegvesenet, og ligg no til såkalla administrativ overprøving hjå vegeigar som er Sogn og Fjordane fylkeskommune, seier Are Sangvik Grandal i Statens vegvesen til Firda.

Juridisk rådgjevar Ina Therese Aarnes Sørfonden hjå fylkeskommunen stadfestar at saka er under handsaming.

– Helle-tunnelen er del av ein fylkesveg og fylkeskommunen er vegeigar og såleis part i saka. Ei administrativ overprøving kan resultere i at vi støttar vegvesenet si avgjerd i saka eller at vi fattar ei ny og annleis avgjerd, avsluttar Sørfonden.

Artikkeltags