Det seier Ronny Larsen, kjent frå reiarlaget Frøybas og Odd Tore Frøyen, dagleg leiar i AquaMarineService AS, til Firdaposten.
– Det er ei viktig drivkraft for oss å skape arbeidsplassar lokalt, understrekar Odd Tore Frøyen.
Arbeid spart
Dei brukar ein ROV-undervassbåt utrusta til å spyle og reinse laksenøter, og dei har ein kontrakt med Steinvik Fiskefarm for 2015. Førebels utfører dei desse tenestene frå ein eldre tilpassa båt, men dei har sett i ordre ein ROV-spesialbåt for bygging på Skogsøy Båt i Mandal. Den skal leverast i mars 2016 med eit brønnvolum på 80 kubikkmeter for transport av levande fisk, i første omgang leveransar av reinsefisk til oppdrettarane.
Spyling og reinsing av laksenøter i sjøen sparer dei tilsette på havbruksanlegga for enorme mengder arbeid. Samstundes får oppdrettaren inspisert tilstanden på notveggane ved at ROV-farkosten er utstyrt med fleire videokamera. Dei kan videodokumentere alle operasjonane om ønskeleg.
– Viss vi ser noko gale, så gir vi sjølvsagt oppdrettaren straks beskjed slik at dei kan setje i verk tiltak, fortel Odd Tore Frøyen.
ROV-en har arbeidsområde ned til 1.000 meter, og er også utrusta med ein enkel arbeidsarm med grip-e og klippefunksjon.
Køyrer på skift
AquaMarineServices fekk nyleg 200.000 kroner til etableringa frå næringsfondet i Bremanger kommune. Eit viktig bidrag sidan ROV-utstyret åleine kostar kring fem millionar. Inklusiv den nye båten på 15x6 meter snakkar vi om kring 20 millionar i utstyr for å drive med eit team som minimum må vere på to mann.
– ROV-en veg kring 700 kilo. Der er mykje slangar, og når det er litt dønningar, treng vi å vere minst to for å frigjere og «docke» farkosten frå kranen. Dessutan køyrer vi ROV-en på skift, forklarer Odd Tore Frøyen.
Sidan dei skal føre levande fisk vil spesialbåten vere utstyrt med oksygenanlegg, utstyr til å kontrollere vasskvalitet og utstyr for nøyaktig fisketelling. Båten skal godkjennast av Mattilsynet.
– Vi legg stein på stein no, og har tru på at vi kan bygge oss vidare opp på sikt, avsluttar Frøyen.