Dei er småbarnsforeldre og studentar. I fjor omsette dei for 3,5 millionar.

Ariel Sudmann og Jeanette Ones Granberg har starta eigen nettbutikk. I fjor omsette dei møblar og interiør for 3,5 millionar. Gründerane har også eigen møbelkolleksjon.

Ariel Sudmann og Jeanette Ones Granberg har starta eigen nettbutikk. I fjor omsette dei møblar og interiør for 3,5 millionar. Gründerane har også eigen møbelkolleksjon.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Jeanette Ones Granberg og Ariel Sudmann starta nettbutikk i 2013. I fjor omsette dei to studentane for 3,5 millionar.

DEL

Det er ein auke på heile 2,6 millionar frå 2014, ifølge offentlege regnskap. Dei to studerer detaljhandel på heiltid ved BI, er småbarnsforeldre, og driv nettbutikk på si.

– Vi har heilt sidan vi var små drøymt om å starta noko saman. Planen var å venta til vi var ferdige med utdanninga, og så satsa. Men så tenkte vi: Kvifor venta?

Dei to venninnene hoppa i det, og har i dag sin eigen interiør- og møbelkolleksjon. Møblane får dei produsert i Kina, og dei vert levert med «Drømmehjem» sin logo.

– Vi er veldig stolte over å ha vår eigen møbelkolleksjon. Stilen er klassisk, og vi sel møblar av god kvalitet, seier Jeanette til Nordhordland.

Stor på Instagram

Drømmehjem har i dag kundar frå heile landet. Dei marknadsførar seg kun på Facebook og på Instagram, og har i skrivande stund 65.300 følgarar på Instagram. I dei gamle lokala til Vinmonopolet i Knarvik leiger dei to 350 kvadratmeter. Her har Jeanette og Ariel utstilling og lager. «Showroomet» består av eit stort møblert rom, der ein kan sjå møblane i styla lokale. I starten hadde dei ope utstillingsrommet to dagar i veka, men det blei vel hektisk med skule og familie.

– Vi fann ut at det var greiare å samla kundane på større arrangement, så no arrangerer vi «event» på Facebook to gonger i månaden. Då kjem det gjerne folk frå heile landet for å sjå på produkta våre, fortel Jeanette.

Drømmehjem har også kundar i Danmark og Sverige.

Sin eigen arbeidsplass

Konseptet med «showroom» er ikkje så stort i Norge enno, men noko dei lenge har drive med i England og USA. To gonger i året dreg dei to gründerane frå Meland til Paris for å henta inspirasjon.

– Stilen vår er klassisk. I tillegg til møblane som vert produsert i Kina, får vi produsert eigne lysfat og anna i India, fortel Jeanette.

Dei to har bestemt seg for ikkje å ta ut løn medan dei utdannar seg, men investera pengane i firmaet.

– Planen er at når vi er ferdige med utdanninga, skal vi driva Drømmehjem på heiltid, og at vår eigen arbeidsplass er det som ventar oss, seier Jeanette.

Artikkeltags