Her vil tilsette misse jobbane sine

Dei som arbeider i og for Saga Fjordbase går ein uviss framtid i møte.

Dei som arbeider i og for Saga Fjordbase går ein uviss framtid i møte. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Viktig Statoil-kontrakt glapp for Saga Fjordbase, og den nye aktøren kan ikkje garantere for jobbane i Florø.

DEL

Det var uvanleg stille i kantina under lunsjpausen på Saga Fjordbase i Florø onsdag, skriver Firdaposten.

Ikkje så rart, eigentleg, teken i betraktning at Statoil berre timar før kunngjorde at Saga Fjordbase ikkje lenger skal drive med røyrhandtering og lagerdrift i Florø.

Snart vil NorSea Group styre dette frå Vestbase i Kristiansund. Saga Fjord Base skal berre drive terminaltenester vidare, som til dømes frakt av gods internt på basen, lasting og lossing.

LES OGSÅ: NorSea Group tok storeslem i basekampen

Dette er alvorleg både for selskapet og deira 130 tilsette, for ikkje å snakke om dei mange som er tilsette gjennom FTA, i og med at den totale Statoilaktiviteten truleg utgjer i overkant av halvparten av aktiviteten til Saga Fjordbase.

AKTIVITET FORSVINN

– Vi var sjølvsagt klar over at andre kunne få anbodet, og vi levde i håpet om at vi ville få det, seier administrerande direktør Agnar Strømsnes i Saga Fjordbase.

Reint konkret kva konsekvensar dette vil få for selskapet og dei tilsette, vil ikkje Strømsnes gå inn på berre timar etter kunngjeringa. Han vil heller ikkje seie noko om kva økonomiske konsekvensar dette får for Saga Fjordbase som selskap.

– Vi har ikkje byrja sjå på korleis vi vil handtere dette, men det er klart at ein god del av aktiviteten vår vil falle vekk. Men slik eg forstår Statoil skal ikkje noko av aktiviteten deira i Florø forsvinne herifrå, forsikrar Strømsnes.

Uviss framtid Fagforeiningane Industri Energi og NITO, med til saman 117 medlemmer på basen, vel å sjå positivt på framtida trass den uvisse framtida.

– Vi er sjølvsagt skuffa. Dette kjem til å få konsekvensar for oss. Vi må no inn i nokre tøffe prosessar no, og er opptekne av at dette blir gjort på ein ryddig måte der fagforeiningane og selskapet står saman, seier tillitsvald Lars Terje Standal i Industri Energi og tillitsvald Rune Bortne i NITO.

– Men vi er samstundes nøydde til å løfte blikket og sjå på moglegheitene vi faktisk har her. Vi har andre kundar vi kan tene her, seier Standal.

– VIL SØKE LØYSINGAR LOKALT

NorSea Group kan ikkje love at alle dei tilsette ved Saga Fjordbase i Florø vil ha jobb etter 1. juli 2015.

Det seier administrerande direktør Alf G. Dahl ved Vestbase i Kristiansund. Vestbase er eigd av NorSea Group og vil administrere Statoilarbeidet i både Kristiansund og Florø.

– Vi kan ikkje garantere alle som i dag er tilsette ved Saga Fjordbase tilsvarande jobbar eller aktivitet som i dag, seier Dahl.

Han strekar likevel under at dei ikkje vil sende tilsette frå Kristiansund for å ta over jobbar i Florø. Vestbase har lenge hatt eit godt samarbeid med Saga Fjordbase, som dei ønsker å spele vidare på.

– Vi kjem ikkje med vårt mannskap og våre ressursar for å gjere jobben i Florø. Vi vil heller søke lokale løysingar, og vil no diskutere framtida med leiinga i Saga Fjordbase i Florø, seier han.

NorSea Group er den store vinnaren i anbodsrunden. I tillegg til å få ansvar for både røyrhandteringa og lagerdrifta i Florø har dei fått kontrakt på lagring og handtering av røyr, terminaltenester og lagertenester ved Dusavikbase i Rogaland, Kristiansund i Møre og Romsdal og Hammerfest i Finnmark, samt terminaltenester og lagertenester på Mongstad og Ågotnes i Hordaland.

NorSea Gruppen AS omset årleg for rundt 2,7 milliardar kroner.

Artikkeltags