Startar prøveboring i Naustdal komande veke

Geolog Steinar Kleppe og utforskingsleiar Mona Schanche i Nordic Rutile, dotterselskapet til Nordic Mining, fortel at selskapet skal starte prøveboring i det omstridde Engebøfjellet komande veke. FOTO: HELGE JOHNSEN, FIRDA

Geolog Steinar Kleppe og utforskingsleiar Mona Schanche i Nordic Rutile, dotterselskapet til Nordic Mining, fortel at selskapet skal starte prøveboring i det omstridde Engebøfjellet komande veke. FOTO: HELGE JOHNSEN, FIRDA

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Skal hente 6000 meter borekjerner frå Engebøfjellet

DEL

Det opplyser utforskingsleiar Mona Schanche, som saman med geolog Steinar Kleppe orienterte bygdefolk og andre interesserte på eit møte i Vevring tysdag kveld.

Det melder Firda.

Underprøveboringa skal det takast ut til saman 6000 meter borekjerner, som deretter skal gjennom eit omfattande analysearbeid. Prøveboringane er venta å vare i om lag to månader. Føremålet med prøveboringane er å danne seg eit bilete av korleis malmen ligg inne i fjellet, og kor rein den er, seier Kleppe og Schanche.

– Under tidlegare prøveboringar er det tatt ut 15.000 meter borekjerner.

– Vi veit mykje om korleis malmen ligg, men treng å vite meir om kvaliteten, og om korleis malmen ligg på spesielle stader, seier Schanche. I prøveboringsperioden kjem fire borarar til å arbeide på fjellet. Til saman ti personar vil vere invoilverte i prøveboringa med boring og geologiske undersøkingar.

Mona Schanche seier at prøveboringa som no skal gjerast er eit viktig steg fram mot realisering av prosjektet.

Artikkeltags