Frå Fjord1 til ny sjefsjobb

Dagfinn Neteland blir ny konsernsjef i Vestlandsentreprenøren frå 15. august.

Dagfinn Neteland blir ny konsernsjef i Vestlandsentreprenøren frå 15. august.

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Dagfinn Neteland blir ny konsernsjef i Vestlandsentreprenøren.

DEL

Dagfinn Neteland (56) blir ny konsernsjef i Vestlandsentreprenøren frå og med 15. august. Neteland kjem frå stillinga som administrerande direktør i Fjord1, skriv Firda.

I ei pressemelding skriv selskapet at dei er svært nøgde med tilsettinga.

– Vi er svært fornøgd med at vi har fått ein erfaren leiar med stort engasjement og energi, seier Tore Thorstensen, administrerande direktør i KB Gruppen og styreleiar i Vestlandsentreprenøren i pressemeldinga.

Selskapet Vestlandsentreprenøren oppstod da Tertnes Holding inngjekk samarbeid med KB Gruppen i fjor. Avtalen som vart inngått medførte at Tertnes Holding vart medeigar i KB Vest AS, samtidig som selskapa Tertnes Enetreprenør AS og Presis Vei AS inngjekk i KB Vest saman med Opedal Drift AS, Bergen Bydrift AS, Vegdrift AS og Kjosås Maskin AS.

Vestlandsentreprenøren vil i 2016 nærme seg ei omsetning på ein milliard der mesteparten er innanfor drift og vedlikehald av statlege og kommunale vegar mens anleggsverksemda vil stå for resterande.

Artikkeltags