Framo Flatøy kuttar 60 nye arbeidsplassar

Administrerende direktør Oddbjørn Jacobsen (til høgre) ved Frank Mohn Flatøy har over 30 års fartstid i olje- og gassbransjen, og kallar dagens situasjon den største krisa på 20 år. Her er han fotografert saman med hovudtillitsvald Ronald Pedersen. FOTO: SVEIN TORE HAVRE

Administrerende direktør Oddbjørn Jacobsen (til høgre) ved Frank Mohn Flatøy har over 30 års fartstid i olje- og gassbransjen, og kallar dagens situasjon den største krisa på 20 år. Her er han fotografert saman med hovudtillitsvald Ronald Pedersen. FOTO: SVEIN TORE HAVRE

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

– Den verste krisa på over 20 år, seier administrerende direktør Oddbjørn Jacobsen.

DEL

Tillitsvald ved Framo Flatøy, Ronald Pedersen, seier til avisa Nordhordland at dei dramatiske nyhenda vart kjend på eit allmøte onsdag føremiddag. Etter dette kuttet vil Frank Mohn Flatøy ha kutta nær 100 stillingar det siste året.

Kan og verta permiteringar

60 personar mister jobben i denne omgangen.

Kor tid dei fyrste må gå, er ikkje klart på det noverande tidspunktet, då heile nedbemanningssituasjonen byrja onsdag.

– Det er marknaden vår som tørkar vekk. Oljeselskapa stenger igjen, og det vert ikkje handla boreprodukt for tida, seier han.

Det jobbar i dag 335-340 personar på Framo Flatøy.

– Dette er veldig, veldig dramatisk, seier Pedersen.

– Korleis er stemninga blant dei tilsette?

– Folk skjønar situasjonen og at det er tøffe tider i bransjen. Folk hjå oss er oppegåande folk og ser at me har lite å gjera på. Men når du får den meldinga, så er det tøft, seier han.

I oktober 2015 vart det kjend at Framo Flatøy måtte kutta 30 tilsette grunna fallande oljeprisar. Med dei nye kutta har då altså 90 personar mista jobben på Flatøy på kort tid.

– Verste krisa på 20 år

– Olje og gass har alltid vore ein syklisk bransje. Den nedturen me har no, er kraftig og verre enn den var under finanskrisa. Den varer mykje lenger, og prisfallet er større, seier administrerande direktør Oddbjørn Jacobsen ved Frank Mohn Flatøy til Nordhordland.

At nedgangen ser ut til å vara ei stund er grunnen til at hjønesteinsverksemda i Meland kommune no nedbemanner. Han fortel til avisa at Frank Mohn også må ty til permitteringar etter ferien. Kor mange som blir ramma av det, er ikkje klart i dag.

– Over ferien har vi eit meir nøyaktig bilete over situasjonen, og me kan kalibrera det heile meir nøyaktig, seier Jacobsen til Nordhordland

– 2016 vert eit tøft år

Svein Nordvik i Nordhordland handtverk og industrilag seier det er triste nyhende.

– Men tidene er tøffe for veldig mange og ein må tilpassa utgiftene etter inntektene, peikar han på.

Han seier at mange av hans medlemsbedrifter har det tøft for tida.

– 2016 vert tøft. Det er ingen andre signal me får. Mange bedrifter har lite ordrer, og dermed vert det tøft for mange, seier han.

Ordførar Øyvind Oddekalv (Ap) i Meland kommune tykkjer det er veldig trist at Framo Flatøy må gå til det skrittet å seia opp folk.

– Men det går jo inn i det store biletet, og ein kunne vel ikkje rekna med at ein slapp unna konjukturane, seier Oddekalv til avisa Nordhordland.

Han seier dette er dramatisk for dei einskilde som vert råka.

– Det vil få ringverknader, seier han og peikar på at det ikkje er berre berre å få jobb att i oljebransjen for tida.

– Me som kommune kan ikkje gjera noko overfor bedrifta, men me må ta vare på dei tilsette, seier han.

Artikkeltags