Lutelandet signerer avtale med Saga Fjordbase

Saga Fjordbase skal driva prosjektbasen på Lutelandet. Biletet er av den første riggen som kom inn til det store industriområdet i Ytre Sogn. FOTO: BENT ARE IVERSEN

Saga Fjordbase skal driva prosjektbasen på Lutelandet. Biletet er av den første riggen som kom inn til det store industriområdet i Ytre Sogn. FOTO: BENT ARE IVERSEN

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Lutelandet Offshore inngår avtale med Saga Fjordbase om drift av prosjekt-basen på Lutelandet i Ytre Sogn.

DEL

Avtalen med Saga Fjordbase, eit selskap i INC gruppa, gir Lutelandet økt slagkraft i olje- og gassmarknaden, går det ifølge Firda fram av ei pressemelding frå dagleg leiar i Lutelandet Offshore, Tor Gjertsen.

I gang sommaren 2016

– Yme-prosjektet, planlagt inn sommaren 2016, og potensielle rigganløp for vedlikehald og satsing mot nye prosjektrelaterte jobbar er noko av det vi ser for oss å samarbeide om på Lutelandet. Samarbeidet er inngått med ei ramme på fem år, med mål om langsiktigheit. Avtalen omfattar også tenester frå selskapa West Industri Service AS og NBN Elektro AS, heiter det i pressemeldinga.

Her går det fram at avtalen vil gi Lutelandet Offshore AS og prosjektbasen på Lutelandet ytterlegare kompetanse på fleire område.

Bidreg på mange område

– Saga Fjordbase med si erfaring, kompetanse og kontaktflate i marknaden vil bidra til at vi saman kan levere tenester innan, logistikk og transport på anlegget, prosjektlagring for nye prosjekt i Nordsjøen, maritime operasjonar, utandørs og innandørs lagring, krantenester, innkjøpstenester på vegner av kunden samt pakking og ekspedisjon, heiter det i pressemeldinga.

INC-selskapet Saga Fjordbase er logistikkoperatør på basen i Florø, og leverer tenester til ei rekke operatørar og riggselskap.

Lutelandet Offshore er ei servicebedrift som rettar seg inn mot fleire hovudmarknader, som service, modifikasjon og vedlikehald av riggar og skip, riving av offshoreinstallasjonar.

Veolia har tidlegare inngått ein samarbeidsavtale med Lutelandet Offshore AS om bruk av selskapet sitt kaianlegg og baseområde på øya til det omfattande demonteringsoppdraget. Samarbeidsavtalen med Veolia gjeld fram til 2036.

Artikkeltags