PSW med tidenes største oppkjøp

PSW Group håpar oppkjøpet på sikt skal skapa fleire arbeidsplassar på Mongstad.

PSW Group håpar oppkjøpet på sikt skal skapa fleire arbeidsplassar på Mongstad.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

– Me trur me med dette kan verta meir robuste i dagens marknad.

DEL

Det seier Oddbjørn Haukøy i PSW til avisa Nordhordland.

Han har kjøpt opp Sotra-bedrifta SEC, som leverer system, tenester og vedlikehald til subsea og drilling-industrien.

– Steintøft marknad

– Dette er ei strategisk utvikling av PSW-gruppa som skal gjera oss meir robust i dagens marknad, seier han.

Kor mykje han måtte ut med for å overta Sotra-bedrifta vil han ikkje ut med.

– Men dette er det største oppkjøpet me har gjort, stadfestar han.

SEC er eit elektroselskap, og dette oppkjøpet skal hjelpa dei med å koma seg inn i andre segment.

Haukøy seier det er eit steintøft marknad dei opererer i.

10-12 permitterte

– Me må heile tida ligga og korrigera. Det er ikkje enkelt, men me vil heile tida utvikla oss vidare og løfta oss, seier han.

Totalt er det 10–12 personar som er ute i permisjon for tida i heile PSW-gruppa, opplyser Haukøy.

– Det er ein kamp om jobbane og lite tilgjengelegheit. Dette oppkjøpet gjev oss eit bein til å stå på, seier han.

Så langt i 2016 har SEC AS sikra seg ordrar for rundt 90 millionar kroner og har ein sterk posisjon for vidare vekst framover. Selskapet har hovudkvarter på Ågotnes og har rundt 40 tilsette.

Oddbjørn Haukøy er godt nøgd med det nye oppkjøpet. FOTO: PRESSE

Oddbjørn Haukøy er godt nøgd med det nye oppkjøpet. FOTO: PRESSE

Som ein del av kjøpet vil selskapet byta namn til PSW Power & Automation AS og vil bli eit 100 prosent dotterselskap i PSW Group.

Har snakka saman lenge

Dialogen mellom selskapa har gått føre seg ei stund.

– Me ser at dette skapar moglegheiter for begge selskap, seier han.

For 2016 ser Haukøy for seg at dei skal klara ei omsetting på rundt 400 millionar kroner, med eit svakt positivt resultat.

– I førre veke gjekk Norsk industri ut og sa at botnen var nådd for industrien. Merkar de noko til det?

– Nei, me merkar ikkje at det er over. Me prøver å operera i den marknaden som framleis eksisterer, seier han.

Håpet er at oppkjøpet på sikt skal føra til at det vert oppretta ei avdeling på Mongstad, med fleire arbeidsplassar der. Dei skal også bygga eit nytt anlegg og verkstad på Ågotnes.

– SEC AS og PSW Group har over åra jobba tett saman på fleire prosjekt, og de to selskapa er ein god «match». Med oppkjøpet ferdig vil SEC AS og PSW Group vere ein komplett partnar innan system leveransar, riggmodifikasjonar og vedlikehald av subsea og drillingutstyr, seier dagleg leiar i SEC AS, Eirik Sørensen, i ei pressemelding.

Artikkeltags