Norwater AS har sikra seg kontraktar på 23 nye ferskvassanlegg den siste månaden. 18 av desse skal til Odfjell SE.
Det skriv Kvinnheringen.
Produktet Norwater AS har skapt og leverer gjer sjøvatn om til ferskvatn. Ved to rundar gjennom filtreringa får ein eit såkalla teknisk vatn, eit vatn så reint at det kan brukast til å reingjera kjemikalietankar.
Største enkeltståande kontrakt
– Anlegga har potensial til å laga 60.000 liter drikkevatn i døgnet, eller 48.000 liter teknisk vatn, forklarer Per Einar Gjerding, administrerande direktør i Norwater AS, til avisa.
Kontrakten til Odfjell SE er ein av dei største enkeltståande kontraktane Norwater AS har vunne nokon gong. Odfjell har allereie «NorWater»-anlegg på sju av skipa sine, og kjemikaliegiganten har bestemt at dei vil installera same produkt på 18 skip til.
– Dette var ein strålande avslutting på året. Vi er svært stolte og glade over tilliten Odfjell synar oss gjennom denne kontrakten, seier Gjerding.
I ei utfordrande tid for oljenæringa er kontrakten svært kjærkomen for bedrifta i Høylandsbygd. Verdien på kontrakten vil Gjerding ikkje gå i detaljar på, anna enn at den svarar til rundt eit halvt års produksjon.
– Med det kan vi gå inn i 2016 med ei fin ordrebok, noko som gjer det ekstra kjekt å ta juleferie, smiler direktøren.
Har god erfaring
Samarbeidspartnaren Maritime Service AS på Opsanger er òg sikra ein god start på det komande året, då det er desse som skal produsera alle dei bestilte anlegga.
I ei pressemelding uttalar senior visepresident for skipsleiing i Odfjell, Helge Olsen, følgjande:
– Vi har snart to års erfaring med Norwater-anlegga. Dei har tilfredsstilt forventingane våre så langt, og bidreg til meir fleksibel og kostnadseffektiv reingjering av tankane våre på kjemikalieskip. Vi ser fram til å få anlegg installert på ytterlegare skip.
Med den gode avrundinga på året blir 2015 ståande som eit ekstra godt år for Norwater. Totalt leverer dei 42 anlegg i år, mot rundt 30 i snitt i dei tidlegare åra.