Startar det første mikrobryggeriet i Sunnhordland

Reinhard og Margit Lund-Mikkelson i Omvikdalen skal opna Mykle Mikrobryggeri. FOTO: ELISABETH BERG HASS

Reinhard og Margit Lund-Mikkelson i Omvikdalen skal opna Mykle Mikrobryggeri. FOTO: ELISABETH BERG HASS

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Ekteparet Reinhard og Margit Lund-Mikkelson i Omvikdalen vil før sommaren opna det som blir det første mikrobryggeriet i Sunnhordland.

DEL

– Vi hadde eigentleg trudd det skulle bli byfolk av oss. I Bergen hadde vi slått oss til ro, men hausten 2013 dukka spørsmålet om å ta over garden til Margit sin familie opp, og brått var vi ved nyttår 2013 blitt gardsfolk i Omvikdalen, fortel Reinhard, som sjølv kjem frå Stord.

Fekk støtte

Då dei bestemte seg for å ta over garden, måtte dei finna ein ekstra leveveg på denne. Tanken ramla raskt ned på øl, som dei begge hadde interesse av. Dette var òg i ein periode der Innovasjon Norge støtta mange av dei som starta med bryggeri, og dei fekk då støtte både herifrå og frå Samarbeidsrådet for Sunnhordland til eit forprosjekt.

Det er Margit som skal ha hovudansvaret for bryggeriet, medan Reinhard skal halda fram i jobben som prosjektdirektør på Harding. Margit har jobba innan turisme og reiseliv, og alltid hatt interesse for mat, vin og øl. Den siste tida har ho vore gjennom ei rekkje kurs, mellom anna «Scandinavian School of Brewing» hos Carlsberg i København og i Flåm, og ikkje minst vore innom bryggeri og ølfestivalar.

Dei to hadde håpa Innovasjon Norge ville vera med å støtta dei då dei bestemte seg for å setja i gang, men støtte vart det ikkje.

– Det er klart det var skuffande for oss. Innovasjon Norge har støtta mange slike etableringar, særleg på Austlandet. Med avslag på søknaden måtte vi nedskalera satsinga litt, og ikkje minst har det teke lenger tid å koma skikkeleg i gang, seier Reinhard.

Men no nærmar det seg. Mykje utstyr skal på plass, og ikkje minst skal dei prøvebryggja seg fram til ølsortar dei verkeleg er nøgde med. I starten tek dei sikte på å produsera nokre få sortar øl, kort og greitt for å bli god på desse – eit lyst øl og eit mørkare. Totalt vil det bli produsert rundt 12.500 liter det første året, noko som kunne vore tredobla, men i starten vil dei vera forsiktige.

Gjort sjølv

På garden har det blitt mange seine kveldstimar på Reinhard, som har jobba med å gjera den gamle floren om til eit bryggeri. Samstundes har dei fått mykje dugnadshjelp frå vener og familie. Framleis står det arbeid att, men det nærmar seg kraftig.

– Vi har ikkje sett nokon klar dato for når det første ølet skal vera klart, men målet er å få det til før sommaren, seier Margit.

Før den tid er det mykje arbeid som står att, i tillegg til det praktiske, mellom anna det å få ulike løyver. På garden blir det eigen gardsbutikk, og i tillegg er målet å få selt ølet til butikkar, restaurantar og dei som driv innan reiseliv. Sidan det ikkje er bryggeri i Sunnhordland, ser dei på heile regionen som ein marknad.

Målet er å veksa

Margit forklarer at det å bryggja øl er ein stor vitskap. Det siste året er det ikkje få bøker og nettsider om øl som er blitt lesne hos familien Lund-Mikkelson. Dessutan har dei mange kjekke konsulentar i heimkommunen og andre deler av landet som villig lærer vekk om ølproduksjon.

Dei reknar med det vil ta rundt halvannan månad å bryggja eit øl. I løpet av den tida skal ølet gjennom ei rekkje prosessar.

Sjølv om dei byrjar i det små, er målet å veksa på sikt.

– Vi må berre prøva oss fram, men vi har jo sett at ei rekkje mikrobryggeri har vakse stort i løpet av relativt kort tid, og det er jo det vi òg håpar på, seier dei to.

Ikkje tid til husdyr

Det nye mikrobryggeriet har fått namnet Mykle Mikrobryggeri, eit namn som kjem frå garden, som heiter Myklebust.

– Vi har tenkt mykje på dette, og fann at det ville vera feil å kalla bryggeriet Rosendal eller Folgefonna når det er her vi driv.

– Vi får heller finna lokale namn på dei ulike øltypane etter kvart, seier dei to.

Noko stort husdyrshald har dei ikkje tid til på garden, men dei har to alpakkaer, to sauer og to ullgrisar. Desse to sistnemnte har fått namn som lett kan gjera ølkjennarar tørste, nemleg Pale og Ale.

– Dei kan no gle seg til store mengder meisk som dei skal få leska i seg, smiler Margit.

Artikkeltags