Vil tilby CO2-rekneskap for maten han serverer

Preben Moen satsar på kortreist mat, her med svinekjøt levert av ein bonde i Gloppen. FOTO: SVEIN HEGGHEIM

Preben Moen satsar på kortreist mat, her med svinekjøt levert av ein bonde i Gloppen. FOTO: SVEIN HEGGHEIM

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Gjestene frå Gloppen Hotell skal ikkje berre få informasjon om opphavet til retten som blir servert. Dei får også servert CO2-rekneskapen for maten som ligg på tallerkenen.

DEL

– Vi vil vite nøyaktig kor stort CO2-utslepp det er på ein kilo kjøtt frå Fjellbygda i Gloppen, i forhold til ein gris eller eit lam som er køyrt frå Lofoten til Sandane. Det kjøtet har vore innom Oslo, Bergen og Førde, før det hamnar på Sandane, seier dagleg leiar ved Gloppen Hotell, Preben Moen, til Firda.

I dialog med Vestlandsforsking

I dag veit han ikkje svaret, men hotellet har no bestemt seg for å finne det gjennom eit pilotprosjekt med CO2-måling på alle rettar som blir servert på hotellet. Moen er i dialog med Vestlandsforsking i Sogndal. Dei har signalisert interesse, og avtalt eit møte.

– Eg opplever dette som spennande. Vi veit at framtida vil stille krav om å vere meir miljøvennleg. I eit slikt bilde er det viktig å ta ansvar, men det er også viktig å ta ansvar etter evne, seier Moen.

Kortreist mat

Gloppen hotell har i mange år satsa medvite på det Moen kallar ureist og kortreist mat. I dag har han og kjøkkensjef Bodil Fjellestad avtale med 36 lokale bønder, lokale mat- og drikkeprodusentar. Dei aller fleste er heimehøyrande i Gloppen, men nokre er lenger unna.

– Vårt hjortekjøt har vore frakta frå skogen og er køyrt maks to mil til hotellets grovkjøkken på Sandane. Dette er meir berekraftig enn økologisk hjortefilet frå New Zealand. Vi har også likt tanken på oksekjøtt, som berre er ein kjapp til Nortura Førde før det kjem tilbake til oss for mørning og pleie. Dette er meir berekraftig enn økologisk kjøtt frå Danmark eller Tyskland. Men det er nettopp det vi vil ha klare tal på. Og tenk om vi kunne fått økologisk kjøtt frå alle lokale bøndene som må ta den korte turen til Førde og tilbake. Då hadde vi vore litt lenger med tanke på berekraft, og den prisen er vi villig til å betale, skreiv Moen på sin blogg torsdag kveld.

Klart om halvtanna år

Til Firda opplyser han at også fôret som er brukt for å få fram kjøttet som blir servert gjestene på hotellet vil bli med i CO2-rekneskapen som blir presentert på menyen.

– Kva tidsbilde jobbar du ut frå?

– Vi har fått grønt lys frå banken, og no må vi finne ut kva dette skal koste. Men eg reknar med vi er i gang med jobben i løpet av sommaren, og trur arbeidet vil ta ein stad mellom eitt og halvtanna år, seier Moen.

Han understrekar at CO2-rekneskapen ikkje berre skal omfatte kjøtt:

– Målet er at både grønsaker, frukt og bær skal med. Kort sagt alt som står på hotellets meny, seier Preben Moen.

Artikkeltags