Øystein startar mikrobryggeri

– Det blir kjekt no når det kan begynne å komme pengar inn i kassen og ikkje berre ut, seier Øystein Adler Øvrebø. FOTO: MARIE HAVNEN

– Det blir kjekt no når det kan begynne å komme pengar inn i kassen og ikkje berre ut, seier Øystein Adler Øvrebø. FOTO: MARIE HAVNEN

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Øystein Adler Øvrebø likar betre å brygge enn å drikke øl. No blir hobbyen butikk.

DEL

Øystein Adler Øvrebø (41) står midt i butikklokalet blant kornsekkar og ølflasker. For to veker sidan opna han dørene hos Kvernafossen bryggeri på Sande i Sunnfjord.

– Eg likar betre å brygge enn å drikke. Det er kjekt å eksperimentere med smakane, seier Øvrebø til Firda. Til dagleg er han pedagogisk leiar i barnehage og frivillig brannmann. Årets ferie blir brukt på bryggeriet og i butikken.

Starta nabobryggeri

Hobbyen har Øvrebø hatt sidan 90-talet, då han begynte å brygge som student. Det starta med enkle heimebryggsett på badet på hybelen.

– Det var mykje billegare, og dessutan var det ikkje store utvalet i butikkhyllene når det gjaldt smak, seier Øvrebø.

For nokre år sidan gjekk han saman med to kompisar og starta nabobryggeri med 100-litersutstyr.

– Det er kjekt å sjå kva små endringar i brygginga gjer med smaken. Eg dreiv og spanderte på alle, og då fekk eg tilbakemeldingar på kva folk likte. Så ville folk etter kvart kjøpe øl til bryllaup og slektstreff. Då eg begynte å tene pengar på det, kunne eg like godt prøve å gjere det skikkeleg, forklarer Øverbø.

Eigentleg skulle han sette opp bryggeriet i garasjen, men så fekk han leige lokale ved sidan av Mjølkerampen i det gamle Coop-lokalet.

Lagar festivaløl

I hyllene står fire ulike brygg. Frå lyse, lette dropar til mørkare med meir smak. Når hjortejakta startar, har han i tillegg klart eit eige bokkøl.

– Eg satsar på meir kvalitet og smak enn volum, seier Øvrebø.

For å distribuere ølet har han inngått samarbeid med Mjølkerampen og Åmot Operagard.

– Vi er opptekne av lokale råvarer, så det passar veldig bra. Folk synest det er spennande med nye smakar. Dessutan er det veldig inn i tida at det er kortreist, seier Siv Helen Tuften ved Mjølkerampen.

Kvar fredag har den lokale kafeen pub.

– Førre gong selte vi ut alt vi hadde frå Kvernafossen, seier ho.

I høve operafestivalen «Mimi goes glamping» på Åmot Operagard, har Øvrebø laga to eigne festivaløl.

Lokal profil

Bryggaren er oppteken av å vere lokal. Namnet kjem nettopp frå fosselandet og elva som renn gjennom sentrum. Dessutan bur han sjølv i Kvernafossen. Der er det ein foss og var ei gammal kvern tidlegare.

– Etiketten skal spegle att kommunen med både foss og fjell.

Bak butikken er sjølve bryggeriet. Enn så lenge klarer han seg med utstyr der han kan brygge 200 liter om gongen.

– På sikt blir det altfor lite. No blir det jo kommunesamanslåing, og målet er å bli leverandør for heile storkommunen. Målet er at alle som tar i mot turistar kan tilby mitt lokale øl.

Det første året er ein pilot.

– Eg jobbar gjerne med dette på fulltid på sikt.

Ølbryggaren er klar på kva som er drivkrafta.

– Det kjekkaste er tilbakemeldingane. Når folk med kvar sin smak fortel kva dei likar og ikkje likar, og når eg treff med noko alle likar. Og når du testar noko nytt og får akkurat den smaken du ønskte. Det er det kjekkaste.

Artikkeltags