Gå til sidens hovedinnhold

Mongstad-bedrift innkasserte kontrakter verd 30 millionar

Artikkelen er over 5 år gammel

PSW Group har sikra seg to viktige kontrakter til ein verdi av 30 millionar kroner.

Det er PSW Integrity Ltd, dotterselskapet av PSW Group som har blitt tildelt to nye avtalar.

Ein for oppbygging av utstyrshieraki og vedlikehaldsprogram for Japan Drilling Company Ltd, og ein for RCM-analyse på vegne av Floatel International AB. Arbeidet er påbegynt og vil vara heile 2016.

Avtalane har ein verdi på 30 millionar kroner, og utgjer ein viktig del av ordreboka til selskapet dette året, skriver Nordhordland.

Vedlikehald

– Kontraktane dreier seg om å setja vedlikehald i system og sikra meir driftssikkert utstyr via rett vedlikehald. Det igjen gir kostnadsmessige fortrinn for selskapa, seier Oddbjørn Haukøy, administrerande direktør i PSW Group.

Han er stolt over å bli tildelt to viktige avtaler frå så kjende selskap som Japan Drilling Company Ltd og Floatel International AB.

– Dette fortel at tenestene til PSW Integrety har ein ekstra verdi for kundane våre også i vanskelege tider, seier han.

Lokale ringverknader

Arbeidet vil bli utført ved PSW Integritys kontor i Liverpool, og i begge kundane sine fasilitetar i høvesvis Japan og Sverige.

– Det vil vera ein del synergiar på tvers i selskapet, også til hovudbasen på Mongstad, seier Haukøy.

Ingeniørar og teknikarar offshore vert involverte, i tillegg til tenester på land.

Satsar internasjonalt

PSW Group vart internasjonal i 2015.

– Det er viktig med kundar utanfor Norge for å stå sterkare slik marknaden er no.

– Det er så tøft i markedet at det er heilt rått. Men vi gir oss ikkje, men jobbar med å få plass stadig nye kontraktar. Og dette er ein viktig milepel for eit meir internasjonalt nedslagsfelt, seier Haukøy. Han trur markedet blir tøft lenge .

– Det kan vi ikkje gjera noko med. Men vi kan påverka måten vi jobbar på og jobba hardt i det markedet som eksisterer, seier PSW Group sin administrerande direktør.