I 2006 vart Thomas Sandland, godt kjent som «Bunnpris-kongen», og radværingen Oddbjørn Tveiten einige om å samarbeida om eigedomsutvikling og bygging av bustader. Tveiten skulle finna eigedommane, medan Sandland skulle stå for finansieringa.

For å formalisera det, oppretta dei selskapet Takof AS, som dei eigde kvar sin halvpart i. Forretningseventyret og samarbeidsavtalen enda i retten, skriv Nordhordland.

Ein halv milliard kroner

Same sommar fekk Tveiten hand om Austmarka på Radøy. Det vart inngått ein opsjonsavtale mellom Tveiten og selskapet som Tveiten og Sandland hadde saman. Vart opsjonsavtalen løyst ut, skulle Tveiten få 17,5 millionar kroner ut av avtalen. Liknande avtalar vart gjort for andre eigedommar Tveiten hadde på Manger og på Hylkje i Åsane.

Sandland på si side ville satsa større, og etablerte eit børsnotert selskap som heiter Hansa Property Group ASA, med investorar frå både Stavanger og Austlandet. Selskapet som Tveiten og Sandland hadde saman, gjekk også inn i det nye utviklarselskapet.

495 millionar

Ifølge Hansa-avtalen skulle overtakinga av aksjane i Takof AS også innebæra overtaking av Tveitens tomteområde på Manger og Hylkje. Verdien av Takof AS vart sett til rundt 55 millionar kroner, medan samla kjøpesum for alle eigedomsselskap var på 495 millionar kroner. Kjøpesummen skulle dels gjerast opp i kontantar og dels i form av aksjar i Hansa. I tillegg skulle Hansa betale et tilleggsvederlag basert på den nettogevinst Hansa ville ta imot frå kvart av selskapa, medrekna frå Takof AS.

Tveiten og hans selskap Energyweb AS og Sandland Holding AS inngjekk og ein investeringsavtale der Energyweb AS skulle betala 5,2 millionar kroner til Sandland Holding AS dersom Austmarka Øvre AS tok imot 17,5 millionar frå Takof AS etter at opsjonen var blitt gjort gjeldande. Dersom vederlaget frå Takof AS skulle bli mindre enn 17,5 millionar kroner, skulle investeringa utgjera differansen mellom mottatt vederlag og 12,3 millionar kroner.

I forbindelse med finanskrisen i 2008 vedtok Hansa å selje ei rekke eigedomsselskap, og både Energyweb AS og Sandland Holding AS fekk i den anledning tilbod om å kjøpe tilbake aksjane i Takof AS. Tveiten avslo, men Sandland Holding AS nytta seg av tilbodet og kjøpte aksjane i Takof AS for 22 millionar kroner i april 2009.

Gjekk til sak

Fire år seinare gjekk Tveiten til sak mot Sandland, då han meinte han hadde rett på meir pengar etter avtalen. Han meiner og at han er lurt i samband med avtalen med Hansa Property Group. Han gjekk på eit nederlag i Bergen tingrett, men anka saka vidare til Gulating lagmannsrett.

Lagmannsretten meiner det er lite truleg at Tveiten ikkje visste at det var inngått ein avtale med Hansa Property Group, og at den var bindande. Dei viser og til avtalar som var inngått mellom partane i november 2007.

Investeringsavtalen er eit resultat av forhandlingar mellom to profesjonelle aktørar, og Sandland Holding AS har etter lagmannsrettens oppfatning opptredd godt innanfor de spelereglar som gjeld i forretningslivet.

Medan Sandland Holding AS brukte betydelege utgifter på juridisk og finansiell bistand for å samla ein større eigedoms-portefølje i Hansa, brukte Energyweb AS på si side rundt 200.000 kroner på å utvikla tomteområdet Austmarka.

Tente millionar

Dersom opsjonen til Austmarka ikkje hadde blitt gjort gjeldande, ville Austmarka Øvre AS/Energyweb AS uansett hatt rettane til tomteområde i behald. Gjennom samarbeidet med Sandland Holding AS genererte derimot Energyweb AS eit utbytte på over 10 millionar kroner i tilknyting til Austmarka-prosjektet av ein investering på rundt kr 200.000 kroner.

Difor har Tveiten tapt på alle punkt i lagmannsretten. Han får ikkje erstatning, retten meiner han ikkje er lurt og avtalen han inngjekk i 2007 med Sandland er ikkje kjent ugyldig.