Elin Tveit Sveen har all grunn til å smile. Sjefen for Marø Fisk har aldri sett betre rekneskapstal enn i fjor, skriv Firda.
Omsetninga var på 83,1 millionar kroner, nær 20 millionar over 2013 og nær ei dobling av omsetninga for to år sidan. Før skatt sat selskapet att med ei overskot på 32 millionar kroner.
– Eg er godt nøgd, og det er to forklaringar på den gode omsetninga: Høge prisar i periodane då vi slakta fisken. Og at vi valde å slakte fleire hundre tonn fisk i desember, den fisken skulle etter planen slaktast i februar i år. Dette utgjer mellom 15 og 20 millionar i auka inntekter, seier Sveen.
6,2 millionar mot lus
Klar på at det ikkje berre påverkar omsetning i 2015, men også gir tapte inntekter fordi fisken ville vore større i februar.
– Vi valde å gjere det for å spare både miljø og fisk for ein omgang med avlusing, seier Sveen.
Ho legg ikkje skjul på at lus er ei av dei store utfordringane, og at selskapet har brukt store midlar på å redusere problema. Både Marø og E. Karstensen Fiskeoppdrett brukte i fjor ca. 6,2 millionar kroner på tiltak mot lus.
– Vi driv samdrift, forvaltar kvar to konsesjonar og jobbar i lag for å redusere luseplaga.
Trur på gode prisar
Den satsinga held fram også i år, eit år der lakseprisane har halde seg på mellom 35 og 45 kroner. Og Sveen trur dei vil halde seg høge.
– Mangel på nye konsesjonar gjer at produksjonen i Norge flatar ut. Sjølv om vi mista eksporten til Russland i fjor aukar etterspurnaden etter norsk laks. USA vil kjøpe meir frå Norge fordi vi omtrent ikkje brukar antibiotika samanlikna med land vi konkurrerer med. God marknad og null produksjonsauke gir høgare pris, seier Sveen.
Ho er klar på at kiloprisar over 50 kroner ikkje er bra:
– For oppdrettarane isolert sett er det bra. Men vi må sjå næringa i heilskap, og slike prisar er høgare enn foredlingsindustrien toler, seier ho.
Mindre i Steinvik Fiskefarm
Dagleg leiar i Steinvik Fiskefarm, Alex Vassbotten, bokførte eit svakare resultat i fjor enn i året før.
Omsetninga fall frå 336 millionar kroner i rekordåret 2013 til 331 i fjor. Før skattefuten hadde fått sitt sat selskapet att med eit resultat på 79,3 millionar, nær 20 millionar kroner svakare enn året før. I fjor betalte selskapet 21,4 millionar kroner.
Men resultatet var godt nok til at eigarane, Alex Vassbotten og Inge Helge Vassbotten, tok ut eit utbytte på 20 millionar, 33,4 millionar kroner vart sett av til eigenkapital. Ved utgangen av året var eigenkapitalen solide 146,9 millionar kroner.
Steinfisk Fiskefarm produserer laks og aure på sine anlegg i Flora og Askvoll.
Totalt 21 personar er tilsette i selskapet.
Alex Vassbotten eig 50,07 prosent av aksjane i Stenvik Fiskefarm, medan styreleiar Inge Helge Vassbotten eit dei resterande 49,93 prosentane.