Svensk adelsfamilie har kjøpt stor eigedom på Mongstad

Den 77 mål store tomta som er selt ligg mellom Mongstadbase og raffineriet i området som heiter Mongstad Næringspark.

Den 77 mål store tomta som er selt ligg mellom Mongstadbase og raffineriet i området som heiter Mongstad Næringspark. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Eigedom på 77 mål og produksjonslokale på 6000 kvadratmeter. Skal ha betalt nær 200 millionar kroner.

DEL

Det er næringslivsnettstaden estatevest.no som melder om kjøpet.

Det er selskapet WellConnection Group som har selt den 77 mål store tomta på Mongstad til Mongstad Administrasjon. Dette selskapet blir kontrollert av det svenske fondet ECT, som igjen blir kontrollert av den svenske finansfamilien Wallenberg.

– Det stemmer. WellConnection Group Holding har selt ein eigedom på Mongstad. Vi snakkar om ei tomt på 77.000 kvadratmeter, pluss eit produksjonslokale på 6000 kvadratmeter, stadfestar senior partner i investeringsselskapet Energy Ventures, Per Arne Jensen overfor estatevest.no.

Følgde med på kjøpet

WellConnection Group er eigd av investeringsselskapet Energy Ventures. For under eit år sidan kjøpte dei Frank Mohn Mongstad, og med på kjøpet følgde ei større tomt og eit produksjonslokale, som WellConnection Group har brukt til å utføre arbeidet sitt på Mongstad

– Dei vil ikkje sitte på eigedomane og har difor signalisert eit ønske om å selja ut eigedommen og så leige den tilbake. Det var interessant for oss, seier dagleg leiar av Mongstad Administrasjon, Tore Notø Johnsen.

I august i fjor kjøpte dei forsyningsbasen på Mongstad for over ein milliard kroner frå Wimoh Invest, investeringsselskapet til Trond Mohn og Marit Mohn. No har svenskane altså sikra seg endå meir land.

– Kjøpet betyr at våre svenske eigarar ser på Mongstad som svært interessant, seier Notø Johnsen til næringslivsnettstaden.

Han legg til at leigekontrakten med kjøpar er på 20 år.

80 mål til kan bli selt

Eigedommen som er selt ligg mellom Mongstadbase og raffineriet i området som heiter Mongstad Næringspark. Her har WellConnection Group framleis rundt 80 mål med tomt igjen, som også kan bli selt.

Men det skal ifølge Estatevest ikkje vere aktuelt for Mongstad Administrasjon å kjøpa meir.

Det er nettstaden som erfarer at tomta vart selt for i underkant av 200 millionar kroner. Verken seljar eller kjøpar vil kommentere pris.

Artikkeltags