Lokale eigarar klorer seg fast i krevjande oppdrettsmarknad

Dagleg leiar i Hyen Fisk, Åsmund Ommedal, har ansvar for 1,5 millionar settefisk i anlegget i Hyen, og leverte eit resultat på ni mill i fjor. FOTO: SVEIN HEGGHEIM

Dagleg leiar i Hyen Fisk, Åsmund Ommedal, har ansvar for 1,5 millionar settefisk i anlegget i Hyen, og leverte eit resultat på ni mill i fjor. FOTO: SVEIN HEGGHEIM

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Hyarar kan meir enn å byggje lette hurtigbåtar. Dei er racerar også på fiskeoppdrett.

DEL

Nordfjord Laks, Hyen Fisk og Sande settefisk har klort seg fast i ein krevjande marknad. Alle har forretningsadresse Hyen, og blir styrt av lokale eigarar:

13 av dei 17 eigarane har bustadadresse i Hyen, to har nær familietilknyting, og dei to siste eigarane bur i kommunen.

 I fjor omsette dei tre selskapa for nesten 100 millionar kroner. Samla resultat for dei tre bedriftene var over 20 millionar kroner.

– Små i stor marknad

– Vi er små i ein stor marknad, og viss selskapa ikkje hadde vore lokalt eigde, er det ikkje sikkert dei hadde vore i dette området. Det er viktig at dei som sit med det avgjerande ordet har lokalt tilhøyrsle. Det er ein styrke så lenge vi klarar halde hjula i gang, seier Kurt Djupvik til Firda.

Han er styreleiar i Hyen Fisk og Sande Settefisk og styremedlem i Nordfjord laks.

– Vi har lagt vekt på å drive forsiktig og let overskotet styrkje selskapa for at dei skal ha ryggrad til å møte også vanskelege tider, seier Djupvik.

Men det dryp også litt på eigarane. Dei sju eigarane i Nordfjord Laks fekk eit utbytte på fem millionar kroner. Dei fem eigarane Hyen Fisk delte eit utbytte på to millionar, tre av dei er medeigarar i begge selskapa.

– Utbyttet i Hyen Fisk er ein direkte konsekvens av det gode utbyttet i Nordfjord Laks, seier Djupvik.

Dobla forteneste

Mellom store kar i produksjonslokala til Hyen Fisk møter vi dagleg leiar Åsmund Ommedal. Han har ansvar for 1,5 millionar settefisk, regnbogeaure, som skal leverast til kundar i Hordaland og Nordfjord Laks.

I fjor auka omsetninga med 3,5 millionar kroner, til 18,1 millionar. Resultatet vart meir enn dobla, frå 4 millionar i 2013 til 9,4 millionar i fjor.

– Vi hadde eit greitt og føreseieleg år i fjor, og det viser att i gode tal, seier han smålåtent.

– Resultatet er bra, men ting kan alltid gjerast betre. Og vi jobbar med levande ting, og må heile tida jobbe for å bli endå betre, seier han.

Totalt seks personar er tilsett i selskapet, like mange som i Nordfjord Laks, og to meir enn i Sande Settefisk.

– Resultatet i Sande Settefisk er ikkje like bra. Ei forklaring er at selskapet tok tunge investeringar, som slår ut på rekneskapen, seier Djupvik.

Men det er ei markant betring frå året før. Då viste rekneskapen minus 1,8 millionar.

2014 var derimot langt frå like bra som året før i Nordfjord Laks. Omsetninga gjekk ned med knapt 16 millionar, og resultatet vart 9,8 millionar, 15 millionar svakare enn året før.

Artikkeltags