Gå til sidens hovedinnhold

CHC Helikopter Service skal drive Florø-basen

Artikkelen er over 5 år gammel

CHC Helikopter Service skal drive redningshelikopter-basen i Florø.

General Operation Manager i selskapet stadfestar overfor Firdaposten at dei har fått melding frå Justisdepartementet om at dei har fått kontrakten.

Selskapet som nyleg mista anbodet på Nordsjø-flyginga ut frå Florø, kan no likevel halde fram med ein solid aktivitet i kystbyen.

– Det er veldig gledeleg at vi har fått denne kontrakten i ei tid der det er mykje nedskalering og nedbemanning, understrekar operasjonsjefen Renee de Jong.

Kontrakten med Nordsjø-flyging går ut 1. mai neste år, medan redningshelikopterbasen skal overtakast i september neste år. Ein reknar med at drift av redningshelikopterbasen krev kring 18 årsverk i Florø. Kontrakten på redningshelikopter-drift er på tre år og tre månader med opsjon på to år.

CHC-konsernet er involvert i  drift av redningsteneste fleire andre stader.