Her er den første av superriggane til Songa i Fensfjorden

Denne veka kom den fyrste av Songa offshore sine super-riggar, Songa Equinox til Fensfjorden for testing. FOTO: SONGA

Denne veka kom den fyrste av Songa offshore sine super-riggar, Songa Equinox til Fensfjorden for testing. FOTO: SONGA

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Den første av Songa sine superriggar kom til Fensfjorden denne veka. No ventar ein månad med testing for å klargjera den for arbeidet.

DEL

Denne veka kom den fyrste av Songe offshore sine super-riggar, Songa Equinox til Fensfjorden for testing.

Her skal den ligga i 36 dagar for å verta klargjort for oppdrag, skriv Nordhordland.

Mykje testing

– Det er mykje tredjepartsutstyr som skal om bord og testast, seier Eivind Børsheim, Supply Chain Manager i Songa Offshore Management AS.

Riggen er den fyrste av fire såkalla kategori-D-riggar. Kvar rigg har ein kontrakt på åtte år, med tre opsjonar på fire år kvar.

Songa Equinox og Endurance skal begge bora på Troll-feltet.

Alle fire riggane skal til Fensfjorden for testing, og den siste vert overtatt frå verftet i løpet av første kvartal 2016.

Omtrent samstundes er det slutt på kontraktane for dei tre gamle riggane som selskapet har.

Jobbar med nye kontraktar

– Me jobbar med å skaffa nye kontraktar for dei tre gamle damene no, seier Børsheim.

– Men det er eit ekstremt vanskeleg marknad der ute, seier han.

Det speglar seg att i kostnadane deira når det kjem til å drifta riggane.

I 2013 kosta det 192.000 dollar om dagen å drifta riggane til Songa. No er dei nede i 141.000 dollar om dagen.

For å løysa den vanskelege marknaden, har dei måtte avgrensa talet på folk dei tilset.

Stoppa inntak av nye folk

Det siste året har dei auka staben med 700 tilsette og bemanna fullt opp for den første av dei nye riggane, men førebels har dei sett bremsene på når det kjem til dei to neste.

– Sidan me førebels ikkje har kontraktar på dei gamle riggane, vil me flytta folk over frå dei til dei nye, seier Irene Rye Skrugstad, Head of Organizational Development i selskapet.

– Me planlegg for det verste, men håpar på det beste, seier ho.

Songa Offshore har hovudkvarter på Kypros, men skal drifta sine fire riggar ut frå Mongstad. Der har dei eit lager på 5.000 rutemeter, med sju tilsette.

– Å ha fire riggar med utskiping frå Mongstad vert viktig for oss, seier Borsheim.

Artikkeltags