CCB Mongstad har innkassert storkontrakt

CCB Mongstad har landa ei femårig kontrakt med Wintershall Norge AS, for å levera basetenester til Brage-feltet i Nordsjøen. FOTO: YNGVE GAREN SVARDAL

CCB Mongstad har landa ei femårig kontrakt med Wintershall Norge AS, for å levera basetenester til Brage-feltet i Nordsjøen. FOTO: YNGVE GAREN SVARDAL

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Femårig avtale med Wintershall Norge AS.

DEL

Det er selskapet Wintershall Norge AS som onsdag opplyser at dei har tildelt ei femårig kontrakt til CCB Mongstad, skriv Nordhordland.

Kontrakten gjeld for leveransar av basetenester til Brage-feltet i Nordsjøen, melder selskapet på si eiga nettside.

Mongstad si geografiske plassering har vore heilt avgjerande.

«Mongstad ligg berre 125 km frå feltet, noko som avgrensar seglingstida til og frå Brage. Den korte avstanden avgrensar driftstoffforbruket og bidrar dermed positivt til å nå Wintershall sine klimamål», skriv selskapet i pressemeldinga.

Feltet blir allereie i dag forsynt frå Mongstad.

«Dette betyr at Wintershall kan fortsette ordninga kor selskapet deler forsyningsfartøy med andre operastørar på basen», heiter det vidare.

Det blir opplyst at den femårige kontrakta kan forlengast med inntil 15 år.

«Vi er allereie veldig fornøgde med servicen vi får frå Mongstad. Denne kontrakta gir oss fleksibiliteten til å halda fram leveransane herifrå heilt inn i neste tiår», uttaler administrerande direktør Bernd Schrimpf i Wintershall Norge.

Det var i oktober 2013 Wintershall overtok operatørskapet for Bragefeltet. Tidlegare var det Statoil som hadde denne kontrakten.

Artikkeltags