Marte er laksenæringa sitt nye ansikt

Marte Vassbotten sikra seg hovudrolla i reklamefilmen til Norsk Sjømatråd. FOTO: NORGES SJØMATRÅD

Marte Vassbotten sikra seg hovudrolla i reklamefilmen til Norsk Sjømatråd. FOTO: NORGES SJØMATRÅD

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

– Føler meg nesten som ei stjerne.

DEL

Marte Vassbotten (28) frå Eikefjord har hovudrolla i ny reklamefilm om laksenæringa.

– Læringskurva har vore veldig bratt. Eg har aldri vore med på noko liknande, seier Vassbotten i eit intervju med Firda.

28-åringen er i gang med siste del av innspelinga av reklamefilmen i Portugal då Firda snakkar med henne.

– Det har vore nokre intense dagar med jobbing. Vi startar tidleg om morgonen og driv på til langt ut på ettermiddagen. På tysdag og onsdag filma vi frå ein lokalt fiskemarknad, fortel ho.

Tidlegare i haust har innspelinga føregått på Steinvik Fiskefarm til Vassbotten – familiebedrifta som ligg eit stykke utanfor Eikefjord i Flora kommune.

Lidenskap for laks

Då Norges Sjømatråd søkte etter ein hovudrolleinnehavar til reklamesatsinga si, var Vassbotten raskt ute med å sende inn ein søknad.

– Eg fekk venninna mi til å filme meg medan eg framførte eit manus som eg hadde fått tilsendt frå Sjømatrådet, seier ho.

Filmen er eit ledd i kampanjen «Laks er viktig for Norge» og vert sendt på TV etter nyttår.

– Då dei ringde for å seie at eg hadde fått jobben, sa dei at eg tok meg bra ut og at det eg sa var tydleg. Det at eg hadde relevant erfaring var også ein stor fordel, seier ho.

Vassbotten har jobba i familiebedrifta Steinvik Fiskefarm sidan ho var liten.

Vaks opp med næringa

– Familien min har drive oppdrettsselskapet heilt sidan 1987. Eg er fødd i 1987 så ein kan vel seie at eg har vakse opp i næringa.

Fram til ho byrja å studere i Bergen jobba Vassbotten i familiebedrifta om somrane. Då ho starta på studiane i internasjonal marknadsføring, fekk ho seg sommarjobb på Seaborn i same by. Etter studiane flytta ho til Canada for å jobbe som marknadsførar for eit selskap som selde fiskefôr.

No arbeidar ho som marknadskoordinator for Instafish.

Marte Vassbotten under innspelinga på Steinvik Fiskefarm utanfor Eikefjord. FOTO: NORGES SJØMATRÅD

Marte Vassbotten under innspelinga på Steinvik Fiskefarm utanfor Eikefjord. FOTO: NORGES SJØMATRÅD

– Eg forstår godt kva lakseoppdrett går ut på og har lidenskap for laks og næringa. Sjømatrådet var på leit etter ein ekte person som trur på det som blir sagt, slik at det ikkje blir nokre innøvde frasar frå nokon som ikkje har eit forhold til saka, seier ho.

– Mindre glamorøst enn det ser ut som

– Det har gått veldig fort, og nokre av situasjonane har vore utfordrande. Det er mange tankar som kvernar rundt i hovudet under innspelingane. Ein har jo lyst at alt skal bli perfekt, seier Vassbotten.

Filmen skal vise ulike marknadar innan fiskenæringa. Målet med filmen er at folk skal utvikle meir positive relasjonar mellom det norske folk og industrien.

– Under innspelinga i Portugal har folk stoppa opp og trudd at dei som er med i filmen er store stjerner. Det var ganske morosamt. Alt som er på TV og i reklamar ser veldig glamorøst ut, men i verkelegheita er det ikkje det. Ein må gjera ting om igjen og om igjen. Det er mykje som skjer bak kamera som publikum nødvendigvis ikkje tenker over, seier ho.

– Det er kjekt å bli sminka og styla. Ein kjenner seg nesten som ei stjerne. Det er ei spesiell oppleving, seier ho.

Litt skodespel

Norsk Sjømatråd ønskte å bruke ein person frå fiskenæringa for at reklamefilmen skulle bli mest mogleg autentisk. Sjølv seier Vassbotten at ho er einig i bodskapen som filmen skal formidle.

– Sjølv om eg ikkje har hatt eit veldig langt yrkesliv – har eg jobba med litt forskjellig innan sjømatnæringa. Eg står for alt som blir sagt i filmen. Sjølvsagt var det nokre scener der eg måtte omgåst andre, og då vart det litt skodespel.

Innspellinga av reklamefilmen vart gjort på Vestlandet i oktober. FOTO: NORGES SJØMATRÅD

Innspellinga av reklamefilmen vart gjort på Vestlandet i oktober. FOTO: NORGES SJØMATRÅD

Vassbotten kan godt tenke seg å gjere noko liknande i framtida – om sjansen byr seg.

– Eg er veldig spent på resultatet. Det blir nok kjekt å sjå seg sjølv på TV fyrste gongen, men eg vert nok lei etter kvart. Mest spent er eg på korleis andre folk tek imot filmen.

– Godt ansikt for næringa

Prosjektansvarleg i Norsk Sjømatråd, Lena Steffensen, forklarar til Firda grunnen til at Marte var den desidert beste personen til å representere næringa.

– Ho er tredjegenerasjons oppdrettar og har vakse opp med sjømat. Marte fekk frå ein tidleg alder mange implusar frå næringa. På audition gjorde ho eit godt inntrykk og tok seg veldig godt ut framfor kamera. Ho er eit godt ansikt for næringa, seier Steffensen.

Marte Vassbotten har vakse opp på merdkanten og brenn for fiskenæringa. FOTO: NORGES SJØMATRÅD

Marte Vassbotten har vakse opp på merdkanten og brenn for fiskenæringa. FOTO: NORGES SJØMATRÅD

Norsk Sjømatråd ønskjer å vise det norske folk at laksenæringa er ei av dei viktigaste næringane i landet i dag og vil vere det i framtida.

– Vi ønsker at nordmenn skal være stolte av næringa og dei ringvirknadene den skaper. Norge er ein pioner på lakseoppdrett, og det er norsk innovasjon og kompetanse som gjer det mulig å levere et fantastisk produkt til over 100 land over heile verden, seier Steffensen.

Artikkeltags