Mindre sunt omega-3 i laksen

Fisken er om lag like mykje plante som han er fisk, i alle fall om ein ser på feittinnhaldet. Det har forskar Willy Nerland funne ut ved å analysere prøvar frå villaks og oppdrettslaks. Villaksen har tre gongar meir av dei sunne omega-3-feittsyrene enn oppdrettslaksen. FOTO: ARNE STUBHAUG

Fisken er om lag like mykje plante som han er fisk, i alle fall om ein ser på feittinnhaldet. Det har forskar Willy Nerland funne ut ved å analysere prøvar frå villaks og oppdrettslaks. Villaksen har tre gongar meir av dei sunne omega-3-feittsyrene enn oppdrettslaksen. FOTO: ARNE STUBHAUG

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Laksen får meir plantebasert fôr, og han blir det han et. Ny måleteknikk viser at oppdrettslaks har mista 60 prosent av dei marine omega-3-feittsyrene på to tiår.

DEL

Oppdrettslaks har om lag like mykje omega-3 frå plantar som dei har marint feitt. Det kjem fram i ein studie som Willy Nerdal er i ferd med å publisere, skriv Firda. Nerdal er tilsett ved Kjemisk institutt ved Universitetet i Bergen.

Han har samanlikna marint omega-3 i oppdrettslaks med innhaldet i villaks. Han har også samanlikna resultata med ein studie på oppdrettslaks gjort i 1992. Hovudfunnet er at dei marine omega-3-feittsyrene i oppdrettslaks er redusert med 60 prosent dei to siste tiåra. Villaks har tre gongar meir av dei sunne marine omega-tre-feittsyrene enn dagens oppdrettslaks.

Ny teknikk viser alt

Vanlege studiar av feittinnhald blir gjort ved å løyse fisken opp i metanol og kloroform. Det gir ifølge Nerdal ikkje fullgode svar. Han puttar i staden fisken i små røyr, utan anna førebuing enn å skjære fiskebiten til med kniv. Røyret blir sett i ei maskin med ein kraftig magnet. Bildet som kjem ut isolerer feittypane, slik at ein klart kan sjå forholdet mellom dei.

– Det er fantastisk, seier Olav M. Kvalheim, som også er professor ved Kjemisk institutt.

– Dette liknar analysen vi gjer med blodprøvar. Ut frå desse testane kan ein på tjue minutt fastslå kor mykje av dei ulike typane feitt som finst i blodet, seier han.

Begge meiner at dette burde gje grunnlag for merking av feittinnhald i oppdrettsfisk.

– Ein innhaldsdeklarasjon vil kunne fungere som pådrivar for auka kvalitet, seier Nerdal.

Og kvalitet er viktig både for fiskehelse og menneskehelse. Ifølge Kvalheim er det svært viktig å få i seg nok av dei rette omega-3-variantane.

Både han og kona Tarja Kvalheim har forska på kvifor desse feittsyrene er sunne. Svaret er mellom anna at dei styrer produksjonen av kolesterol. Men dei er også med på å bygge opp hjernen. Særleg for små barn er det viktig å ha rett omega-3, fordi desse er ein viktig del av både hjernemembran og vern for nervebanene.

– Men også vaksne treng omega-3 til vedlikehald av hjerne og muskelmasse, seier Kvalheim.

Kan ikkje endre feittype

– For eit tid tilbake vart laks framstilt som ein omega-3-fabrikk. Teorien var at laksen skulle gjere plantefeitt om til marint feitt. Denne studien viser at slik er det ikkje, seier Nerdal.

Heller ikkje menneske kan gjere om plantebasert omega-3 til marint omega-3. Difor er det viktig å få i seg nok av rett type gjennom mat.

– Om denne utviklinga held fram, kan vi snart ikkje rekne oppdrettslaks som ei viktig kjelde til marint omega-3, seier Kvalheim.

– Heller betre laks enn meir laks

Ein må ete dobbelt så mykje oppdrettslaks for å fylle behovet for sunn omega-3.

Sjølv er Olav og Tarja Kvalheim busette ved idylliske Dalsfjorden i Sogn og Fjordane, og dei forskar på helse og sunnheit.

– Sild og annan fisk var ein viktig del av kosthaldet i dette kyst- og fjordfylket. Kanskje er dette ein av grunnane til at mange her lever lenge og held seg friske lenge, seier Olav.

– Vi er ikkje ute etter å ta laksenæringa, men er opptatte av at laks framleis skal vere eit kvalitetsprodukt. Då meiner vi det er viktig å få fram kva laksen faktisk inneheld, seier Kvalheim.

Bør merkast

Både han og Nerdal meiner at oppdrettsnæringa burde merke innhaldet av marint omega-3 i fisk.

– Då kan forbrukarane sjølve bestemme om dei vil betale meir for fisk av høgare kvalitet, seier Kvalheim.

Nerdal meiner også at merkinga er for dårleg. Han viser til at ein del matvarebedrifter gjer analysar, men at dei ikkje har godt nok utstyr. Dei klarer å skilje frå kvarandre vatn og feitt, men dei klarer ikkje å sjå skilnaden på feittypane:

– Når laks blir marknadsført som ei viktig kjelde til omega-3, bør dei også merke kor mykje det er av dei ulike typane.

– Ei motførestilling frå næringa kan vere at ein bør produsere mest mogleg mat?

– Er ein ute etter plantefeitt, kan ein ete grønsaker. Då er det betre å ete mindre fisk med eit høgare innhald av marint feitt, det trur eg folk betalar for, svarar Kvalheim, som meiner at næringa uansett rettar salet mot pengesterke forbrukarar. Han meiner taket er nådd for kor mykje ein kan produsere med dagens tilgang på marint omega-3.

– Laks er framleis ei god kjelde

Bransjen meiner dei held att og har meir å gå på.

– Vi har vore tilbakehaldne med å seinke marint innhald i fôret, seier Øyvind Kråkås i bransjeorganisasjonen Salmon Group.

– Likevel har de søkt om, og fått lov til, å auke produksjonen i merdane med fem prosent. Er det forsvarleg?

– Det spørst kva ein legg til grunn. Det finst framleis fiskeolje og fiskemjøl på marknaden. Men det må vere betalingsvilje.

– Er det betalingsvilje?

– Ein har vore villige til å redusere omega-3-innhaldet. Men ein kan ikkje gå så langt at ein øydelegg produktet. Laks er framleis ei god kjelde.

Forskarane Firda har snakka med meiner ein burde merke omega-3-innhaldet. Kråkås er usikker på effekten:

– Det bør vere mogleg å etterprøve innhaldet, men eg er usikker på om ei merking vil vere lett for folk å forstå. Prioritet ein må vere god nok kunnskap.

Artikkeltags