Litt færre i Mikkelparken

Leiinga i Mikkelparken i Kinsarvik er nøgd med sommarens besøk, sjølv om det viser ein liten nedgang frå 2014. Her kosar Jørn Vegard Holmberg og Tuva Syse Holmberg seg i Hordalands einaste fornøyelsespark. FOTO: KRISTIN EIDE

Leiinga i Mikkelparken i Kinsarvik er nøgd med sommarens besøk, sjølv om det viser ein liten nedgang frå 2014. Her kosar Jørn Vegard Holmberg og Tuva Syse Holmberg seg i Hordalands einaste fornøyelsespark. FOTO: KRISTIN EIDE

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

48.000 tok denne sesongen turen til Mikkelparken i Kinsarvik.

DEL

Det er ein liten nedgang frå fjoråret. Den kalde sommaren er truleg årsaka, skriv Hardanger Folkeblad.

– Besøket vart 48.000, noko som er det same som i 2013. Me er godt nøgde med besøket tatt i betraktning den noko kalde sommaren samanlikna med i fjor, seier marknadssjef Lars Instanes.

I 2014 var det 55.332 på besøk i parken, noko som var rekord for det som er den einaste fornøyelsesparken i Hordaland. Auken var då på 14,6 prosent frå året før, som og var rekord.

Jamn auke

Då familien Instanes tok over parken i 2004, var talet 10.000, og sidan har besøket auka jamt. Det er i år 30 år sidan ferieparken i Kinsarvik opna, og den er populær blant både lokale og tilreisande.

– Det er kjempefint her, me har reist hit i elleve år, sa Linda Gudmundsen då parken hadde sesongopning i mai.

Årets siste opningsdag var førre helg, og Mikkel hadde på førehand bestemt at alle billettinntektene skulle gå til Røde Kors sitt arbeid for flyktningar i Europa. Dette skjedde i samarbeid med Kinsarvik Røde Kors, og til saman vart det samla inn 21.077 kroner

Artikkeltags