Krev at bompengevedtak må kjennast ugyldig

Striden om Nordhordlandspakken er ikkje over, sjølv om berre stortingsbehandlinga står igjen. Biletet er av dagens vegsystem i Knarvik. FOTO: MAGNE TURØY

Striden om Nordhordlandspakken er ikkje over, sjølv om berre stortingsbehandlinga står igjen. Biletet er av dagens vegsystem i Knarvik. FOTO: MAGNE TURØY

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Nordhordlandspakken bryt med «nytteprinsippet» i Nasjonal Transportplan. Det meiner aksjonsgruppene mot bompengar som no er på bana igjen.

DEL

Nordhordlandspakken har vore ei svært omstridd sak i regionen i årevis.

Omsider vart pakken vedteken i Hordaland fylkesting i juni 2015, og no skal saka opp til endeleg behandling i Stortinget til våren.

Ifølgje avisa Nordhordland forsøker to aksjonsgrupper mot bompengar no å stoppa det endelege bomvedtaket - ved å skriva brev.

Bryt med nytteprinsippet

På vegne av aksjonsgruppene har Harald Breivik og Svein-Atle Engeseth sendt brev til ei rekke statlege styresmakter: Til Statens vegvesen, Vegdirektoratet, Samferdselsdepartementet og samferdselskomiteen på Stortinget.

Aksjonsgruppene meiner heile vedtaket til fylkestinget i Hordaland er eit brot på det såkalla «nytteprinsippet». Det handlar om at eit vegprosjekt skal ha reell nytteverdi for at det skal kunne finansierast med bompengar.

«Det vert vist til Stortinget sine retningslinjer for bruk av bompengar i Nasjonal transportplan 2014-2023, der det mellom anna heiter: Nytteprinsippet skal ligga til grunn. Det vil seia at dei som betaler skal ha nytte av det aktuelle vegprosjektet det kreves inn penger til», skriv aksjonsgruppene i brevet.

Gigantprosjekt ikkje bygd

Og nettopp det prinsippet meiner aksjonsgruppene ikkje vert følgd i den vedtatte Nordhordlandspakken.

«Prioriteringane i denne vegpakken viser at pengane i hovudsak skal brukast på vegar med låg trafikk og har liten eller ingen relevans i høve til innkrevingspunkta.»

Det vert også vist til at det er sett opp 169 millionar kroner til firefelts veg og ei rundkøyring på E39 i Knarvik sentrum utan statlege midlar.

Avisa Nordhordland har tidlegare fortalt at Statens vegvesen no revurderer desse planane.

«Med nye løysingar og med protestar mot planen, er det høgst sannsynleg at denne firefelts vegen ikkje vert bygd i overskueleg framtid. Det blir ikkje tunnell av å bruka 20 millionar til prosjektering av Knarviktunnelen på Fylkesveg 57. Denne tunnelen og Nyborgtunnelen på E39 i Åsane er ikkje prioritert i pakken og skyvd ut i ei usikker framtid. Dermed får dei mest sentrale områda ingen nye vegprosjekt», argumenterer aksjonsgruppene.

Til slutt vert følgande krav fremja i brevet:

«Med dei føreliggande prioriteringane må Nordhordlandspakken avvisast då den bryt med nytteprinsippet i bompengesaker.»

Er i live

Brevet er signert av Harald Breivik og Svein-Atle Engeseth som representerer to aksjonsgrupper mot Nordhordlandspakken.

Engeseth er leiar for gruppa «Folkeaksjonen nei til meir bompengar i Nordhordland». Gruppa vart etablert i 2006, men har vore passiv i den seinare tida.

–  Vi er i live, ja. Vi har vore stille lenge, men vi lever, forsikrar ein lattermild Engeseth overfor Avisa Nordhordland.

– Nordhordlandspakken er vedtatt av alle kommunane og av fylkestinget. Har de tru på at de kan velta pakken med eit brev?

– Det som står i brevet er det vi har terpa på i alle år. Dei set opp bompengar der det er mykje trafikk, men så skal pengane brukast der det ikkje er trafikk. Dette er rett og slett feil, seier Engeseth.

Han har eit ankepunkt til:

–  E39 er ikkje nokon kjerreveg. Det heiter faktisk stamveg, og dei er staten sitt ansvar ifølge vegtrafikklova, seier Engeseth.

Les også: Slik er Nordhordlandspakken

– Motstanden blir ignorert

Heilt til slutt i brevet blir det vist til den massive lokale motstanden.

«Det ser ut til at politikarane ikkje representerer grasrota i denne saka. I løpet av dei seinaste ti åra har det vore to aksjonsgrupper som har stått for protestar mot bruk av bompengar. Dette har ført til stort engasjement i lokalaviser, over 5000 protestar på Facebook og over 5000 underskrifter i ein underskriftskampanje. Ei spørjeundersøking i Meland utført av Norfakta viser at to av tre var mot Nordhordlandspakken.»

– Det seiest at dette er lokalt forankra, men det er lokalt forankra blant politikarar. Dei nekta å ta innover seg at det er samla inn 5000 underskrifter, seier Engeseth.

Her er prosjekta i Nordhordlandspakken i prioritert rekkefølge (klikk på tabellen for større versjon):

Meiner bustadprisane vil falle

Aksjonsgruppene har også etablert eit samarbeid med Kåre Ljones som konsulent.

– Dette er noko eg har engasjert meg i no sidan nytteprinsippet ikkje er følgd i denne pakken, seier Ljones til Avisa Nordhordland.

– Trur du at de kjem nokon veg ved å senda brev?

– Ja, eg kan aldri tru at Stortinget kan gjera vedtak mot sine eigne prinsipp, svarar Ljones.

– Forventar du å få svar?

– Dette er eit innspel til dei når saka skal behandlast. No skal den først til Vegdirektoratet, så til departementet og deretter til Stortinget.

Han viser til at familiar med to bilar og som pendlar kan få ei ekstrarekning i året på over 16 000 kroner. Ljones meiner også at bustadprisane vil falle.

– Den psykologiske effekten av dette vil gje ein kraftig reduksjon i eigedomsverdiane. Dei som sel i bompengeperioden kan tapa beløp i millionklassen per einebustad, hevdar Ljones og viser til at bustadprisane steig kraftig då bompengane forsvann på Nordhordlandsbrua.

Artikkeltags