Gå til sidens hovedinnhold

Dette er den første ferja i sitt slag i verda

Artikkelen er over 5 år gammel

Torghatten Trafikkselskap går nye vegar i ferjeteknologien, med god hjelp frå innovative fagfolk hos Multi Maritime i Førde.

Ei ny ferje selskapet no har bestilt, blir verdas første ferje som går på både biodiesel og batteri, skriv Firda.

Den nye teknologien blir kalla biodiesel plug-in hybrid. Denne gjer at ein dieselgenerator kan gå på meir optimal last, slik at forbruket blir lågare. Samstundes, får ferja installert ein batteripakke som kanskje etter kvart kan forsterkast, slik at fartyet vil kunne gå som ei heilelektrisk ferje i framtida. Drivstoffreduksjonen er venta å bli på 20 prosent. I tillegg blir det installert NOx-reinsing som får ned utsleppa, opplyser Torghatten Trafikkselskap i ei pressemelding.

Ferja Multi Maritime har utvikla i samarbeid med reiarlaget, blir bygd «vêrtett» og får ein kapasitet på 60 personbilar og seks vogntog. Ho skal settast inn i sambandet Tjøtta–Forvik på Helgeland frå våren 2017.

Fiskarstrand Verft AS på Sunnmøre skal bygge fartyet.

Direktør Gjermund Johannessen i Multi Maritime seier i pressemeldinga at Førde-bedrifta er svært glad for å få samarbeide tett med eit reiarlag som viser sterk vilje til å ta i bruk framtidsretta og innovative løysingar.

– At Torghatten Trafikkselskap tek i bruk lågutsleppsteknologi utan at anbodet krev det, er rett og slett beundringsverdig, seier Johannessen.

Aukar ein batterikapasiteten på ferja, slik det blir lagt til rette for, vil fartyet også kunne fylle framtidige krav til nullutsleppsteknologi som heilelektrisk batteriferje.

Direktør Stein Andre Herigstad-Olsen i Torghatten seier reiarlaget ønskjer å vere eit miljøvenleg, framoverlent og nytenkande transportselskap.

– Vi gjer dette på eige initiativ, utan krav frå styresmaktene, og i tett dialog med Nordland fylkeskommune, seier direktøren.

Fiskerstrand Verfts administrerande direktør Rolf Fiskerstrand seier i pressemeldinga at det er givande å få vere med på eit nyskapande prosjekt som møter framtidas miljøkrav.