Under arbeidarane stuper fjellsida 1.011 meter rett ned mot Loen

Det er ein spektakulær arbeidsplass. Like under stuper fjellet Hoven 1.011 rett ned mot Loen. FOTO: BET ARE IVERSEN

Det er ein spektakulær arbeidsplass. Like under stuper fjellet Hoven 1.011 rett ned mot Loen. FOTO: BET ARE IVERSEN

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Det kjennest magekriblande skummelt. Berre tanken på at neste vår sit turistar akkurat her – og meiskar seg med panoramautsikt og herleg mat – verkar nesten absurd.

DEL

Og planane om å bygge gondolbane frå Loen til Hoven er kanskje like absurde som planane om å bygge restaurant heilt ute på kanten av stupet. Men det er nettopp det dagleg leiar i Hoven Loen, og direktør ved Hotel Alexandra, Richard Grov, er i ferd med å realisere. Prislappen på 285 millionar skremmer ikkje korkje han eller dei 90 som har skote inn aksjekapital på 110 millionar kroner i selskapet.

Opning i mai neste år

– Dette er grensesprengande, og vil gje ringverknader ikkje berre i Stryn, men i Nordfjord og heile fylket. Her vil mange kassaapparat klinge, seier Grov til Firda, medan han stolt og entusiastisk viser rundt i Fjordbygget eit drygt steinkast unna hotellet. Her blir starten på turen med gondol til Hoven, og alt i mai neste år går første tur. Viss Grov får det som han vil. Og det gjer han nok:

– Dette er grensesprengande, seier dagleg leiar i Hoven Loen, hotelldirektør Richard Grov. FOTO: BENT ARE IVERSEN

– Dette er grensesprengande, seier dagleg leiar i Hoven Loen, hotelldirektør Richard Grov. FOTO: BENT ARE IVERSEN

– Vi er ein utolmodig gjeng, humrar han når vi spør om framdriftsplanen er i overkant optimistisk.

– Eit utslag av galskap?

– Det er eit ord som aldri har streifa meg, seier Grov.

Panorama i tre retningar

Men tilbake til den magesugande stupkanten 1011 høgdemeter over Nordfjorden: Vandrar blikket til venstre, ser du Lodalen i all si prakt, med breplatået som eit kvitt heilårsteppe i bakgrunnen. Midt i mot ligg Olden og Briksdalen bada i sol. Akkurat denne dagen ligg det tyske turistkipet «Saga Pearl II» ved kai, eit 28 år gammalt skip med plass til 602 passasjerar. Til høgre i augnekroken ruvar Nordfjorden, og alt er omgitt av ville, mektige fjell i ei ramme berre Nordfjord kan by på.

Her har Frank Sanden og hans kollegaer i HS Bygg hatt sin arbeidsplass sidan midten av april.

– Vi har verdas beste arbeidsplass, smiler han.

– Kan det bli betre?

– Det måtte i tilfelle vere på Hawaii. Men eg trur ikkje eg ville ha jobba der.

– Vi har verdas beste arbeidsplass, seier Frank Sanden i HS Bygg Stryn FOTO: BENT ARE IVERSEN

– Vi har verdas beste arbeidsplass, seier Frank Sanden i HS Bygg Stryn FOTO: BENT ARE IVERSEN

– Her er det berre heilt fantastisk, men no har vi vore her så lenge at vi gløymer kor spektakulær denne arbeidsplassen er, seier Sanden, medan han gaflar i seg dagens lunsj; karbonade, poteter, løk og saus.

– Men ikkje alle dagar er som denne; vindstille og sol frå skyfri himmel?

– Nei, vi har hatt både snø og hagl, skodde og sterk vind. Då er det unekteleg surt, men denne veka ser det bra ut, seier Sanden.

Ærefullt oppdrag

At han ser jobben som ærefull, er han klar på.

– Det er svært strenge krav til alt mogleg. Alt må gjerast nøyaktig, og det er streng kontroll på betong og kontroll på armering. Og slik må det vere fordi ein svikt vil få store konsekvensar. Difor skal det vere umogleg at det skjer. Dette saman med den spektakulære arbeidsplassen og dei store dimensjonane gjer jobben heilt spesiell. Eg tvilar på at eg får vere med på noko liknande, seier Sanden.

Han leiar arbeidsgjengen som skal reise Fjellbygget der gondolen «landar» etter den seks og eit halvt minutt lange turen frå Loen. Fundamenta til den 24 meter høge gondolmasta er også deira sitt ansvar. Men sjølve masta skal reisast av fjellklatrarar og montørar frå Sveits. Dei første kom til Loen 18. mai, og er i gang med jobben nede ved fjorden.

– Kor høgt er det opp?

– Altfor høgt, seier ein av dei medan han bevegar seg som ein apekatt ti meter over bakken. Det blir barnemat når den same jobben skal gjerast på toppen.

Merkar ikkje høgda

Oppe på toppen av Hoven er det lunsjpause, og Jarle Grov, bror til hotellsjefen, har frakta 11 porsjonar med mat dei 13 kilometerane opp frå Loen til toppen av Hoven. Den turen tok nær 40 minutt. Med gondolbana vil turen ta vel seks minutt.

Dei kjem frå Sveits for å montere mastene til gondolane. I bakgrunnen Hoven der vi skimtar armen til mobilkranenen på toppen. FOTO: BENT ARE IVERSEN

Dei kjem frå Sveits for å montere mastene til gondolane. I bakgrunnen Hoven der vi skimtar armen til mobilkranenen på toppen. FOTO: BENT ARE IVERSEN

– Vi blir godt tekne vare på, smiler Frank Sanden.

– Men i dag er det ingen dessert. Det er på menyen berre når vi har fisk, og for min del kunne vi godt hatt fisk kvar dag. Så godt smakar det med dessert, legg han til, før han og arbeidsgjengen igjen tek på hjelmen og set kursen mot stupet.

– Vi merkar ikkje så mykje til at det er høgt og luftig. Fokuset er på jobben som skal gjerast, seier han.

Stor kontrakt til Jølster-entreprenør

På det same platået jobbar også tilsette i Jølster-firmaet Ottar Dvergsdal. Mange av dei har to års fartstid med prosjektet.

– I september 2014 starta vi arbeidet med vegen opp til Hoven. Dessutan har vi hatt ansvaret for grunnarbeidet med bygga oppe på toppen, seier dagleg leiar Nils Arne Dvergsdal.

Vegen frå Oppheim er rundt sju kilometer lang, og mellom tre og åtte personar har vore sysselsett i denne perioden. Akkurat no er ti av hans 20 tilsette i arbeid i Loen.

– Kva betyr dette for selskapet?

– Det betyr nødvendigvis ikkje meir enn andre oppdrag, men dette er spesielt fordi det vekker oppsikt og dermed også gir god marknadsføring, seier Dvergsdal.

Hoven Loen

  • Etablert som aksjeselskap i februr 2014. 90 aksjonærar. Innbetalt aksjekapital 110 millionar kroner. Største aksjonærar: Hotel Alexandra 30,84 prosent, Nordfjord Kjøtt 20,87, Stryn kommune 19,18.
  • Føremål: Utvikle produkt- og arrangementspakkar basert på nasjonal og regional reiselivsstategi.
  • I mai 2017 opnar gondolbane mellom Loen og fjelltoppen Hoven (1011 m.o.h). Bana blir navet i satsinga.
  • To gondolar skal frakte besøkande frå fjorden til toppen. Totallengde: 1650 meter. Reisetid: 6 minutt og 30 sekund.
  • Kvar gondol veg 3,5 tonn, og veg fullasta mellom sju og åtte tonn.
  • Bana har ein stigningsprosent på 49 i gjennomsnitt.
  • Utbygginga omfattar også eit restaurantbygg på toppen av Hoven. Det skal borast etter vatn og byggast kloakkreinseanlegg i tilknyting til anlegget.
  • Totalkostnad: 285 millionar kroner.
  • Via Ferrata-anlegget med den mektige Gjølmunnebrua har Hoven som endestasjon.
  • Opplevingarenaen skal utvidast med fjord- og fjellkonsept.

Han veit ikkje nøyaktig kva kontrakten inneber med tanke på omsetning:

– Men det er eit betydeleg oppdrag, seier Dvergsdal.

– Grisebratt

Tilbake på bakkenivå i Loen møter vi på ny Richard Grov.

Han understrekar at det sjølvsagt er eit risikomoment i dette som i alle andre prosjekt drive i privat regi.

– Ei investering på 285 millionar skal forrentast, og det heile kokar ned til ei utfordring; kor mange besøkande får vi, seier Grov.

Sjølv er han ukueleg optimist. Han karakteriserer prosjektet som grensesprengande i reiselivet lokalt, men også nasjonalt.

Første på 54 år

Gondolbana i Loen er den første som blir bygd i Norge på 54 år. Den er også den brattaste med ei snittstigning på 49 prosent.

– Det er grisebratt. Ikkje så langt unna 90 graders stigning i snitt, så det vil opplevast som ein rask tur til himmels. Berre turen langs fjellveggen blir storarta. Men det unike er likevel at her blir besøkande frakta frå fjorden til fjelltoppen på 1011 meter, seier Grov.

Han ser denne utbygginga som eit steg vidare på det som vart sett i gang med Via Ferrata-anlegget som i 2013 vart toppa med opning av Gjølmunnebrua.

– Dåverande kommunalminister Liv Signe Navarsete opna den brua. Etter opninga viste eg henne Hoven, fortalde om det som då var tankar og spurde om det var ein god ide. Det tykte ho, og dermed bestemte eg meg for å sette fullt trykk på arbeidet, fortel Grov.

Ivrig og levande engasjert fortel Grov om prosjektet på eit detaljnivå som fjernar all tvil: Dette trur han på, heilt og fullt.

Han snakkar både på inn- og utpust når han fortel om tekniske prinsipp med drifta av gondolane. Eit lite knippe: At straumrekninga vil ligge på same nivå som for ein norsk husstand. At det er svært utfordrande å strekke dei 1650 meter lange vaierane som skal trekke gondolane opp og ned. At kvar gondol veg 3,5 tonn og har ein kapasitet på 41 passasjerar og dermed har ei totalvekt på sju-åtte tonn.

Nær cruisebåthamna

Grov viser veg ein etasje ned i betongkolossen der gondolbana startar for å vise dei enorme dimensjonane på installasjonar som skal sikre at alt går som det skal på ferda opp og ned langs fjellsida.

Oppe i dagslyset igjen blir fokus retta mot det som skal skje på motsett side av rv. 60. Der skal Fjordbygget reisast og knytast saman med gondolbygget med gangbru over riksvegen.

– Det blir publikum sitt første møte med bana, seier han.

Han er klar på at nærleiken til cruisebåtkaia i Olden vil vere éin suksessfaktor, men langt frå den einaste:

– Utbygginga av Via Ferrata og Gjølmunnebrua var starten. Dette er ei vidareføring der det handlar om å utvikle eit heilårleg aktivitetstilbod, seier Grov.

Artikkeltags